Hopp til innhald

MUSPRABCA Workshop-praksis, årsstudium musikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhold og oppbygning

Praksis skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga utøving som leiar og fasilitator, som “community-artist” på varierte arenaer. Praksis i dette emnet kan variere etter studentgruppa sin samansetnad, alt frå skule/SFO til fritidsmusikkliv og spesifikke målgrupper t.d. innan psykisk helse eller eldre. Mykje praksis vil vere lagt på kveldstid.

Praksisen har ein naturleg progresjon frå å vere ein observatør til å planlegge og leie aktivitetar åleine eller i grupper. Studentane må planlegge og gjere avtalar om sin eigen praksis, då dette er ein viktig del av å drive med community arts-baserte aktivitetar. Faglærarar i samarbeid med praksiskontoret ved HVL skal godkjenne alle praksisar og vil hjelpe til med dei formelle avtalane.

Praksisen fokuserer på observasjon av Community Arts-aktivitetar og organisering av Community Arts-aktivitetar eller workshops.

Praksis er 10 dagar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Har kunnskap om ulike måtar å arbeide med musikk i Community Arts-aktivitetar med ulike grupper og i ulike kontekstar

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan initiere, motivere, leie og organisere musikkbaserte kunstaktivitetar i ulike kontekstar og med ulike deltakargrupper
  • Kan på varierte måtar demonstrere og leie kunstaktivitetar i grupper og workshop-prosessar

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan planlegge og organisere workshopaktivitetar i samfunnsfellesskapet

Krav til forkunnskaper

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Praksisarenaer kan vere spreidd over eit større geografisk område, og studentane må vere førebudd på noko reising. Ein må pårekne utgifter til reising jfr HVL sitt reglement for utgifter i samband med praksis.

Det er krav om 100% oppmøte i praksis; dette inkluderer all praksis på praksisstaden, seminar, rettleiing, praksisførebuande møte, førebuing og etterarbeid. Om ein ikkje oppfyller oppmøtekravet vil ein få ikkje-bestått i praksis

Vurderingsform

Praksis, 10 dagar obligatorisk praksis med 100% oppmøtekrav

Sluttkarakter: bestått/ikkje bestått.

Vurderinga er ikkje etterprøvbar. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong emnet går ordinært. For øvrige reglar og rutinar sjå retningslinjer for praksisstudiet i utdanninga.