Hopp til innhald

NAS802 Naturfagsamtalen 2: Utforskande naturfagsamtale i barnehage og småskule

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Studiet er avlyst våren 2024.

Naturfagsamtalen består av to emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Dialogisk naturfag i barnehage og småskule
  • Utforskande naturfagsamtale i barnehage og småskule

Emne 1 kan takast frittståande, emne 2 byggjer på emne 1. Gjennom emna blir studenten kjent med didaktiske tilnærmingar som er systematisk støttande for små barns læring om natur. Emna har som mål å leggja eit teoretisk og praktisk grunnlag for at studentane gjennom kunnskap om naturfag og om dialog som arbeidsmåte skal leggja til rette for aktivitetar og arbeidsmåtar som er drivne av kunnskap, undring, nysgjerrigheit og fellesskap. Slike aktivitetar legg eit grunnlag for seinare læring i naturfag og språk og set barna i stand til å bidra til utvikling av samfunnet i berekraftig retning.

Naturfagsamtalen 2 har hovudfokus på korleis ein kan bruka utstyr og læringsmateriell i naturfaglege aktivitetar, og korleis ein kan nytta ulike representasjonar for å utdjupa fysiske fenomen. Dei naturfaglege kunnskapane skal koplast til innsikt i korleis ein oppnår vedvarande felles merksemd om natur gjennom samtalar med barn. Emnet tematiserer også kva som krevst av den vaksne samtalepartnaren som samtalar med ei gruppe barn samstundes ute i naturen eller i ein felles aktivitet. I dette emnet skal repertoaret av måtar å samtala med barn på vidareutviklast frå emne 1 gjennom praktiske øvingar, utprøvingar og refleksjon munnleg og skriftleg. Målet med emnet er å få kunnskapar og ferdigheiter i korleis ein nyttar barns nysgjerrigheit om naturfenomen til å undersøkja naturen, korleis ein støttar tillita deira til at dei kan undersøkja naturfenomen, og korleis dei kan oppnå eit reflektert natursyn og forståing av forholdet mellom natur og menneske.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studentane ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • skal ha gode kunnskapar om fysiske fenomen som er aktuelle å utforska i barnehagen/skulen og om utforskande samtalar med barn.
  • skal ha oversikt over utstyr og læringsmateriell som kan vera med på å initiera og å utdjupa opplevinga og utforskinga av fysiske fenomen.
  • skal ha kunnskap om forskjellige representasjonar (figurar, tabellar, grafar, modellar mm) for å forklara ulike fysiske fenomen
  • skal ha god innsikt i kva som kjenneteiknar den gode vedvarande samtalen (sustained shared thinking, SST)
  • ha god forståing av kva som krevst av den vaksne i situasjonar prega av interaksjon med fleire deltakarar samstundes
  • ha eit repertoar av ulike typar samtalar
  • ha kunnskapar om antropomorfisme og kvardagsforestillingar

Ferdigheiter

Studenten

  • skal vera i stand til å leggja til rette for og samtala med barn om fysiske fenomen for å aktivera barn sine forkunnskapar og avdekka kvardagsforestillingar
  • skal kunna bruka relevante representasjonar for barns kunnskapsutvikling
  • skal kunna gjennomføra gode vedvarande samtalar med barn
  • skal kunna vera samtalepartnar for fleire barn samstundes
  • skal kunna gi respons på samtaleytringar frå barn som kan leia til vidare utforsking hos barnet
  • skal ha ein strategi for korleis ein møter barns antropomorfistiske ytringar og kvardagsforestillingar

Generell kompetanse

Studenten

  • skal kunna leia arbeidet med naturfagsamtalar på arbeidsplassen
  • skal kunna rettleia kollegaer
  • skal kunna drøfta eiga rolle og utviklingsmoglegheiter i utforskande samtale om naturfaglege tema

Krav til forkunnskapar

Naturfagsamtalen 1, NAS801

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er nettbasert. Dei nettbaserte arbeidsformene vil vera varierte og inkludera førelesingar synkront og asynkront, gruppearbeid, quiz, utprøvingar på eigen arbeidsstad/praksisplass, logg- og diskusjonsinnlegg med meir.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane har tre obligatoriske læringsaktivitetar i emnet:

  • Leggja fram innhaldet i ein fagartikkel for ei gruppe medstudentar.
  • Gjennomføra ein planlagt naturfagleg aktivitet innandørs med vekt på SST: planleggja, øva på, videofilma og reflektera over samtalen.
  • Presentasjon for kollegaer. Presentasjonen skal presenterast og reflekterast over i notat etter gjennomføring.

Semesterplanen vil gi nærare retningsliner for dei obligatoriske læringsaktivitetane. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vera gjennomførte til fastsette fristar og vera godkjende for å få gå opp til eksamen.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane blir vurderte som godkjent/ikkje godkjent.

Godkjende læringsaktivitetar er gyldige i inneverande og påfølgjande semester.

Vurderingsform

Munnleg presentasjon, ca. 30 minutt.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel