OPR510 Operasjanssjukepleie med pasientsikkerheit og kunnskapsbaserte praksis
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar kunnskap om operasjonssjukepleiaren si historie, rolle, fag, funksjon og ansvar, samt juridiske og etiske retningslinjer som gjeld operasjonssjukepleiaren si yrkesutøving.
Emnet legg vekt på organisering av helsetenesta, kirurgisk teamarbeid, stress og meistringsstrategiar, pasienttryggleik, kvalitet i helsetenesta og kunnskapsbasert praksis. Sentralt i emnet er personssentrert operasjonssjukepleie.
Emnet er bygd opp kring områda:
- Historia til operasjonssjukepleiefaget
- Ansvaret og funksjonen i operasjonssjukepleie
- Lovverk, retningslinjer og politiske føringar i spesialisthelsetenesta
- Kirurgisk teamarbeid og leiing
- Ikkje-tekniske ferdigheiter
- Stress og meistring
- Den akutt og kritisk sjuke operasjonspasienten
- Personsentrert operasjonssjukepleie
- Helsekompetanse
- Pasientsikkerheit og sikkerheitskultur
- Kunnskapsbasert praksis
- Kvalitetsarbeid i helsetenesta
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten:
- har avansert kunnskap om operasjonssjukepleiar sitt ansvar og funksjonsområde
- har inngåande kunnskap om ikkje-tekniske ferdigheiter; situasjonsforståing, avgjerdstaking, oppgåveløysing og teamarbeid
- har inngåande kunnskap om operasjonssjukepleiaren sitt fysiske og psykososialearbeidsmiljø, stressreaksjonar, meistringsstrategiar og korleis arbeidsbelastning kan førebyggast og reduserast
- har avansert kunnskap om personsentrert operasjonssjukepleie
- har inngåande kunnskap om operasjonspasienten og pårørande sine behov i eit alders-,kjønns-, sosialt- og fleirkulturelt perspektiv
- har avansert kunnskap om kommunikasjon og tilpassa informasjon til pasientar i alle aldrarog deira pårørande.
- har inngåande kunnskap om viktigheita av språk- og kulturkompetanse, for å bidra til aukakvalitet og pasientsikkerheit, i utøvinga av operasjonssjukepleie• har inngåande kunnskap om kunnskapsbasert praksis og kvalitetsarbeid innanoperasjonssjukepleie
- har inngåande kunnskap om systematisk kvalitetsarbeid og pasientsikkerheitskultur for å forbetre og kontrollere operasjonssjukepleien
- har inngåande kunnskap om leiing, organisering og endringsprosessar av tverrprofesjonelletenester som er relevant for operassjonssjukepleie
- har inngåande kunnskap om helse- og omsorgstenesta si organisering, rammer og relevantlovverk
Ferdigheiter:
Studenten:
- kan kritisk vurdere og bruke relevant teori og forsking inn i operasjonssjukepleie
- kan bruke relevante metodar i kommunikasjon, samhandling og rettleiing til pasientar og pårørande i komplekse situasjonar, samt analysere målgruppa sin helsekompetanse for å fremme brukarmedverknad og tilpassa tenester
- kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i operasjonssjukepleien si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- kan analysere, vurdere og handtere etiske dilemma relatert til operasjonssjukepleie
- kan bruke relevante metodar for pasientsikkerhets- og kvalitetsarbeid
Generell kompetanse:
Studenten:
- kan analysere relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- kan analysere og drøfte etiske dilemma, og kommuniserer desse i faglege diskusjonar
- kan analysere og ha eit kritisk forhold til teori og ulike informasjonskjelder, og anvendedesse til å strukturere og formulere faglege resonnement innan operasjonssjukepleie
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta med resursforelesingar, gruppearbeid, digitale læringsformer, ei veke praksisstudium, sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Oppmøte i praksisstudieveka.
- Deltaking i gruppearbeid
Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to dei følgande semestera.
Vurderingsform
Oppgåve
Oppgåve i gruppe med 2-3 studentar. Oppgåva vert utlevert ved oppstart av emnet.
Omfang: Inntil 2500 ord.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel