Hopp til innhald

PL4-305 Klimaomstilling

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Kurset gjev eit innblikk i korleis redusere klimagassutslepp ned mot null, og samtidig tilpasse samfunnet til klimaendringar, utan at klimatiltaka skal kome i konflikt med målet om ei berekraftig utvikling. Studentane skal utvikle en grundig forståing av mekanismane bak, arten av og verknaden av klimaendringar, korleis samfunnet systematisk kan svare på klimaendringar, og få innsikt i arbeidsprosessar og utfordringar for å kommunisere om klimaendringar, effektar av klimaendringar og trongen for klimatransformasjon.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten har

  • avansert kunnskap om korleis behovet for klimatilpassing og krav om netto nullutslepp av klimagassar vil føre med seg eit behov for å omstille samfunnet
  • avansert kunnskap om den faglege og politiske diskursen omkring målet om ei berekraftig utvikling
  • oversyn over hovudstrategiar for berekraftig utvikling, inkludert økologisk modernisering og "nedvekst"
  • kunnskap om positive og negative samspelseffektar mellom klimaendringar, klimatiltak arbeidet for ei berekraftig utvikling
  • innblikk i planleggingsteori, planleggingsmetodikk og -strategiar
  • kunnskap om scenarioanalyser som et verktøy i samfunnsplanlegging
  • kunnskap om sårbarheit og risiko i samfunn
  • kunnskap om viktige prinsipp i miljøpolitikken (føre-var, forureinar betaler, best tilgjengeleg teknologi osv.)
  • kunnskap om strategiar for og barrierar mot langsiktig og radikal klimaomstilling
  • kunnskap om samspelseffektar mellom tiltak for utsleppsreduksjon og klimatilpassing
  • kunnskap om tilbakeslagseffektar i klimatilpassing og tiltak for reduksjon av utslepp

Ferdigheiter:

Studenten kan

  • bidra til utvikling av berekraftige strategiar for klimaomstilling i samfunnsplanlegging
  • bidra i ei tverrfagleg samansett gruppe for å løyse klimautfordringar
  • kommunisere med forskjellige aktørar om klimaomstilling
  • bestille og vedta scenario-analyser på klimaområdet

Generell kompetanse:

Studenten kan:

  • kritisk evaluere strategiar for klimaomstilling
  • gje generelle innsikter om langsiktig og scenariobasert planlegging under stor usikkerheit.
  • kritisk reflektere over og ta i bruk forskjellige planleggingsmetoder i klimaplanlegging

Krav til forkunnskapar

Fullført bachelor grad motsvarande 180 ECTS.

Tilrådde forkunnskapar

Gjennomført følgjande kurs: GE4-300 Climate Change and Climate Policy, GE4-301 Fundamental Research Methods, BI4-301 Climate Change Ecology and PL4-304 Climate Change Adaptation in Land Use Planning

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar (kan etter forespørsel bli gitt som nettforelesningar), seminar, prosjektarbeid i grupper

Ekskursjon (start-seminar)

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Delta på 2 1/2 dags start-seminar (saman med PL4-304)
  • Gruppeoppgåve som er å gjennomføre ei kritisk analyse av ein eksisterande klimaplan 
  • Presentasjon av gruppeoppgåve for klassen

Vurderingsform

Gruppeoppgåve: 40%

Skriftleg eksamen: 60% (4 timar)

Karakter A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel