PS1-304 Krevjande livserfaringar og psykiske lidingar i eit livsløpsperspektiv
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Dette emne inneheld følgjande tema:
- Barn og omsorgssvikt
- Krevjande livserfaringar sin innverknad på kommunikasjon og relasjon
- Kulturelle, åndelege og eksistensielle utfordringar
- Helsefremming og førebygging
- Utarbeide ein prosjektplan
- Eldre med psykiske lidingar og ruslidingar, einsemd og sjølvmordsproblematikk
- Aggresjon og valdsproblematikk
- Nettverksarbeid i lokalsamfunnet i eit folkehelseperspektiv
I dette emnet skal studenten skrive prosjektplan som er fordjuping og knytt til problemstilling i psykisk helsearbeid.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten...
- har avansert kunnskap om korleis krevjande livserfaringar påverkar psykisk helse/ liding.
- har inngåande kunnskap om prinsipp for akademisk kjeldehandtering og siteringspraksis
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan sjølvstendig anvende kunnskap om krevjande livserfaringar
- kan nytte og argumentere for kunnskap om nettverksarbeid i folkehelsearbeidet
- kan kritisk vurdere og formidle forsking i skriftleg arbeid på ein sjølvstendig måte
- kan nytte anerkjent kunnskap om ulike krevjande livserfaringar sin innverknad på psykiske lidingar på ein sjølvstendig måte
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan kommunisere og formidle faglege problemstillingar om krevjande livserfaringar, einsemd og valdsproblematikk
- kan sjølvstendig nytte sine kunnskapar og ferdigheiter i psykisk helsearbeid
- kan argumentere og formidle tema i psykisk helsearbeid i prosjektplan på ein sjølvstendig måte
Krav til forkunnskapar
PS1- 300, 301, 302
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing, sjølvstudium- gjennomføre systematiske litteraturstudium i samband med utarbeiding av prosjektplan og individuell rettleiing på prosjektplan.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg til sluttvurdering:
1. Presentasjon av utkast til prosjektplan i grupper.
2. Minst 80 % deltaking på seminar.
Vurderingsform
Oppgåve
Skriftleg individuell oppgåve i form av en prosjekt plan, omfang 5000 ord. Prosjektplan er fordjuping og knytt til problemstilling i emne PS1- 305 Fordjupning i klinisk psykososialt arbeid..
Vurderingsuttrykk
Gradert karakter A til F, med A som beste karakter og F som ikkje bestått..
Ny eksamen
Studentar som får karakteren F på prosjektplan kan levere revidert versjon.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel