PS1-305 Fordjuping i klinisk psykososialt arbeid
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Samarbeid med brukarar for etablering, vedlikehald og avslutting av relasjonar
Samtalen sitt innhald og utvikling av relasjon
Migrasjon - kulturell tilpassing og psykiske lidingar
Problemløysande arbeid; identifisere og analysere behov, setje i verk og evaluere intervensjonar med utgangspunkt i den enkelte tenestemottakar/pasient sine behov
Metodiske tilnærmingar i psykisk helsearbeid: miljøterapi, familiearbeid, nettverksarbeid og individualterapi
Etiske dilemma i praksis og utvikling av etisk haldning
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap: Studenten...
- har avansert kunnskap om relasjonar sin innverknad på og føresetnad for betringsprosessar
- har avansert kunnskap om intervensjonar for å utvikle terapeutisk relasjon til menneske med psykisk liding og samansette problem
Ferdigheiter: Studenten...
- kan bruke sin relasjons- og omsorgskompetanse og delta i fagleg samarbeid, på tvers av etatar og tenestenivå, til beste for pasient/brukar og deira familie
- kan sjølvstendig argumentere for og nytte kunnskapsbaserte metodar og intervensjonar for å utvikle terapeutiske relasjonar til menneske med psykisk liding og samansette problem
- kan ta initiativ og bidra til forpliktande samarbeid med brukar og fagpersonar i psykisk helsearbeid
Generelle kompetanse: Studenten...
- kan nytte kunnskap om sentrale teoriar knytt til psykisk helsearbeid
- kan ta initiativ og argumentere sjølvstendig for tiltak til brukar i psykisk helsearbeid på individ og samfunnsnivå
Krav til forkunnskapar
Emne PS1-300 og PS1-301, PS1-302, PS1-303 må vere greidd før studenten kan ta til på emne PS1-305
Undervisnings- og læringsformer
Rettleia praksis, førelesing, rollespel, video, sjølvstudium og oppgåveskriving, diskusjonar og rettleiingsgruppe.
Praksis Studentane skal ha avvikla 270 timar praksisstudium, som vert gjennomført over 9 veker med 30 timar pr. veke. Alternative organiseringsformer kan vere aktuelle ved enkelte praksisplassar. Døme på praksisområde er psykososialt arbeid, psykiatrisk sjukepleie eller psykisk helsearbeid retta mot barn, ungdom eller vaksne med vekt på psykiske lidingar, psykososiale vanskar, rusproblem og/eller komorbiditet. Aktuelle instansar kan vere kommunal psykisk helseteneste, spesialisthelseteneste innan psykisk helsevern og rusbehandling, poliklinikkar, dagavdelingar og familiekontor. HVL nyttar som hovudregel praksisplassar i Sogn og Fjordane. Det er høve til å gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass, i samsvar med nærmare retningslinjer utarbeidd av HVL.
Gjennom fagleg rettleiing vert studentane sine handlingar og haldningar utfordra. Praksisrettleiar skal ha minst 3-årig relevant høgskuleutdanning og relevant vidareutdanning, og skal godkjennast av HVL. Høgskuletilsett praksislærarar møter student og praksisplass to gonger i løpet av praksisperioden. Studentane vert vurderte ut frå fastsette kriterier etter eige skjema.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg til sluttvurdering:
1. Oppmøte og deltaking i praksis; 90%.
2. Levert måldokument og praksisrapport til fastsatt tid
3. Ei skriftleg individuell oppgåve på 5000 ord. Oppgåve tek utgangspunkt i tema for fagutvikling/forskingsområde relatert til praksis i PS1-305.
Vurderingsform
Klinisk praksis vurdert til bestått/ ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel