Hopp til innhald

SA589 Komparativ politikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i deler av faget samanliknande politikk, og er to-delt. I første delen presenterer undervisninga sentrale omgrep og teoriar i faget, mellom anna gjennom tema som stat, nasjon, politiske regime, demokrati, politisk økonomi og politisk deltaking. I andre delen presenterer emnet det politiske styresettet i eit utval land. Kunnskap frå den første delen blir såleis nytta som grunnlag for å forstå og samanlikna politiske system i ulike land.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne:

  • har studenten kunnskap om korleis statsmakta er organisert og korleis dei ulike politiske institusjonane fungerer i forhold til kvarandre i ulike land
  • har studenten oversikt over ulike former for politiske regime, partisystem og partifamiliar, val og valordningar, demokratiske og ikkje-demokratiske regime og politisk-økonomiske system

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • orientere seg i relevant statsvitskapleg faglitteratur om politiske institusjonar
  • gjennomføre enkle skriftlege, komparative analysar

Generell kompetanse

Etter fullført emne:

  • kan studenten gi ein individuell, skriftleg presentasjon av ei komparative, politisk problemstilling på grunnleggjande nivå
  • kjenner studenten til korleis politiske institusjonar i ulike land har utvikla nye løysingar i vår tid

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

1) Studenten skal skrive ei oppgåve.

2) Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.

Vurderingsform

Heimeeksamen (5 timar)

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel