SA595 Innføring i ungdomssosiologi
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei innføring i ungdomssosiologiske problemstillingar. Dette feltet er innhaldsrikt, og emnet tek dermed sikte på å orientere studentane om breidda og variasjonen i tema og problemstillingar som dei møter seinare i studiet. I dette innføringsemnet blir ungdoms tilpassingar og meiningsdanning i lokale kontekstar vektlagt. Studenten får høve til å organisere/ leie diskusjonar med andre studentar på emnet og skrive ein kort sosiologisk tekst. Undervisninga er bygd opp kring klassisk og nyare faglitteratur og forskingsresultat.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne
- Har studentane kunnskap om oppvekstvilkåra til unge i seinmoderne samfunn
- Kjenner studentane til grunnleggjande omgrep i ungdomssosiologien som ungdom, livsløp, identitet, ungdomskultur, jamaldringsgrupper osb.
- Kjenner studentane til ungdomssosiologiske problemstillingar på grunnleggjande nivå knytt til utdanning, arbeid, identitet, familie, venner, økonomi, livstil, helse, avvik, politisk engasjement, osb.
- Har kandidaten kunnskap om sentrale spørsmål i ungdomssosiologi, kva for plass ungdomssosiologi har i samfunnsvitskap spesielt og i samfunnet generelt, korleis ungdomssosiologi har utvikla seg i samspel med samfunnet, og kva for ulike former for nytteverdi ungdomsforsking har i dag
- Kjenner studentane til kva for rolle ungdomssosiologi kan ha i praktisk arbeid med ungdom
Ferdigheiter
Etter fullført emne
- Kan studentane finne, vurdere og vise til ungdomssosiologisk faglitteratur/studiar
- Kan studentane orientere seg i relevant ungdomssosiologisk faglitteratur
- Kan studentane presentere innhaldet i ungdomssosiologiske fagtekstar på grunnleggjande nivå
- Kan studentane reflektere over ungdomssosiologiske problemstillingar på grunnleggjande nivå
Generell kompetanse
Etter fullført emne
- Har studentane fått innsikt i ungdomssosiologien som grunnlag for vidare studiar
- Kan studentane utveksle synspunkt på og erfaringar med ungdomssosiologiske spørsmål og problemstillingar
- Kan studentane planleggje og gjennomføre formidling av sentrale tema i ungdomssosiologien
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, skriftlege innleveringar og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentar skal skrive ein kort tekst. Omfang 800 ord. (Godkjend/ikkje godkjend)
Arbeidskravet må vere gjennomført til fastsett frist og godkjend før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Bokstavkarakter A - F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel