Hopp til innhald

SA6-503 Utdanningspolitikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet skal auke studentane si innsikt i den samfunnsmessige grunngjevinga for oppbygging og utvikling av utdanningstilboda i Noreg. Korleis kan ein forstå norsk utdanningspolitikk i lys av internasjonale trendar. Det skal òg gje forståing av det norske utdanningssystemet som iverksetjingssystem for utdanningspolitikk. Søkelyset blir retta mot aktuelle utdanningspolitiske spørsmål både innan barnehage, skule, høgskule og universitet. Føresetnader for og utforming av utdanningspolitikken vert drøfta, og utdanningsinstitusjonane som iverksetjingssystem analysert. Stortingsmeldingar og offentlege utgreiingar er sentrale kjelder.

Læringsutbytte

Ved avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

  • ha generell kunnskap om politikkutforming og iverksetjing av offentleg politikk
  • ha grundig innsikt i nasjonal og internasjonal politikkutforming som påverkar institusjonane frå barnehagane til høgare utdanning
  • ha inngåande kjennskap til utdanningsinstitusjonane si rolle i den norske velferdsstaten

Ferdigheit:

  • Kunne analysere utdanningspolitiske spørsmål i lys av teori om politikk og politikkutforming
  • Kunne bruke utdanningspolitiske dokument som ramme for analyse av dagleg praksis som leiar.
  • Kunne gjennomføre eit sjølvstendig teoretisk arbeid på ei bruksretta problemstilling.

Generell kompetanse:

  • ha inngåande kompetanse i å forstå og analysere utdanningspolitikk som ramme og utfordring for praksis knytt til leiing, innovasjon og profesjonsutøving, samt kunne reflektere over korleis denne kompetansen kan omsetjast til eigen lokal kontekst.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesning, gruppearbeid. Rettleiing av skriftleg tekst til semesteroppgåve.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre korte læringsnotat (800 - 1200 ord) utarbeidde mellom samlingane.

Artikkelseminar: Arbeide i gruppe med felles artikkel, og presentere i plenum på artikkelseminar

Alle obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Ved oppstart blir det gitt nærare informasjon om innhald og krav til arbeidskravet.

Vurderingsform

Semesteroppgåve som handlar om utdanningspolitiske spørsmål eller utfordringar, og der studenten nyttar relevante teoriar og omgrep frå emnet. Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper på inntil to studentar. Ved individuell oppgåveløysing er omfanget 4000 ord. Dersom to skriv oppgåve i lag, er omfanget 6000 ord.

Ved oppstart av emnet vil det bli gitt nærare informasjon om krav til semesteroppgåva

Bokstavkarakter A - F, der F er "ikkje greidd".

Ved stryk leverer ein omarbeidd semesteroppgåve i påfølgjande semester. Ved ynskje om forbetring av karakter kan omarbeidd tekst leverast inn neste gong eksamen vert arrangert.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel kan nyttast.

Meir om hjelpemiddel