SAB320 Refleksjon over fag og yrke
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
I emnet skal studentane fordjupe seg i ulike teoretiske perspektiv i sosialt arbeid. Det tas utgangspunkt i læringsutbyttet i praksis med særleg vekt på utvikling av evne til kritisk refleksjon over fag og yrkesutøving. Studentane skal sjå dette i samanheng med vitskapsteoretiske posisjonar. Kunnskapen skal brukast i refleksjon og diskusjon om sosialt arbeid som fag og yrke, knytt til dagsaktuelle problemstillingar i faget.
Studentane skal tileigne seg kunnskap om makt, skjønn, avgjerdsteori og etikk. Dei skal bruke denne kunnskapen til kritisk å reflektere over sosionomen si profesjonsutøving i velferdssystemet og i møte med brukarar. Studentane skal bruke kunnskap om kontekstuelle faktorar som pregar sosialt arbeid.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- har brei kunnskap om sosialt arbeids teorigrunnlag og metodar som retter seg mot individ, familiar, grupper og samfunn.
- har brei kunnskap om teoretiske perspektiv, erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid og andre relevante fagområder.
- kjennskap til fagets vitskapsteoretiske posisjonar, kunnskapsutvikling og profesjonen sitt samfunnsansvar.
- kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid relevant for sosialt arbeid, nasjonalt og internasjonalt.
- har kunnskap om fagområdets eigenart og plass i samfunnet.
Ferdigheiter: Studenten...
- kan bruke forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i profesjonsutøvinga.
- kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg.
- kan tileigne seg ny kunnskap og kan foreta faglege vurderingar, avgjersler og handlingar i tråd med kunnskapsbasert praksis. Vidare skal kandidaten også kunne dokumentere og formidle sin faglege. kunnskap
Generell kompetanse: Studenten...
- har innsikt i menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid, profesjonsetikk, ulike etiske teoriar og kan handtere etiske dilemma i yrkesrollen.
- har innsikt i maktstrukturar og maktutøving i samfunnet.
- har innsikt i og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga.
- har innsikt i politiske og administrative avgjersleprosessar og korleis sosionomar kan bidra til allmenn opplysning og politisk rådgjeving.
- har innsikt i korleis utvise dømmekraft i situasjonar med mangelfull og/eller motstridande informasjon og identifisere muligheitsrom innan ulike profesjonelle og institusjonelle kontekster.
- kan formidle sosialt arbeids kunnskap og utveksle synspunkt og erfaringar med samarbeidspartnarar og gjennom dette bidra til innovasjon og utvikling av god praksis.
Krav til forkunnskapar
Alle emne i første studieår og andre studieår må vere greidd.
Tilrådde forkunnskapar
SAB310 og SABP3 (Praksisemnet).
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta klasseromundervising i tillegg til studentaktive læringformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande to obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking i studentaktiv undervisning.
- Skriftleg innlevering med omfang 1500 ord +/- 10%.
Arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.
Godkjente læringsaktivitetar er gyldige i fire semester.
Vurderingsform
Heimeeksamen Individuell skriftleg heimeeksamen over 5 dagar. Omfang: 3000 ord +/- 10%.
Tid for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala. A til E er greidd. F er ikkje greidd.
Ny eksamen Ny heimeeksamen vert gjennomført på same måte som ordinær eksamen
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler er tillatt, det vert køyrd plagiatkontroll.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SOS5-310 - Modellar i sosialt arbeid - fagutvikling og forsking i sosialt arbeid - Reduksjon: 15 studiepoeng
- BSO311 - Refleksjon over fag og yrke - Reduksjon: 15 studiepoeng