SO104 Nyare sosiologiske perspektiv
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet fører vidare og utviklar tema frå dei klassiske teoritradisjonane, og skal gje ei forståing av nyare sosiologiske perspektiv og teoribidrag. Studentane får ei vidareføring i makro-sosiologi med vekt på forhold mellom sentrale sosiale institusjonar, og i mikro-sosiologiske tilnærmingar gjennom studiet av sosial samhandling. Sentralt står ulike teoretiske analysar av den sokalla aktør/struktur-debatten og andre teoretiske diskusjonar knytt til sosial endring og orden, mennekesyn, handlingsmotiv og ulike verdi- og rasjonalitetsorienteringar.
Særleg gjev emnet ein introduksjon til nyare sosiologiske teoriar knytt til tema som aukande individualisering, globalisering, digitalisering og kulturell frisetjing.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne:
Kunnskapar
- har studenten brei kunnskap om sosiologiens nyare historie, teoritradisjonar og eigenart mellom andre human- og samfunnsvitskapar
- kjenner studenten til grunnleggjande sosiologiske omgrep (t.d. grupper, roller, relasjonar, interaksjon, institusjonar, klassar, lagdeling, osb.)
- har studenten kunnskap om førekomsten av nyare perspektiv på sosiale mønster, prosessar og meiningsdanning
Ferdigheiter
- Kan kandidaten finne, vurdere og vise til nyare sosiologiske teoritradisjonar i akademisk arbeid
- kan studenten reflektere over samfunnsprosessar frå ein sosiologisk ståstad
- kan studenten vurdere og justere eigne faglege arbeid i møte med ny kunnskap og nye faglege tilnærmingar
Generell kompetanse
- kan studenten formidle sentralt fagstoff og utveksle synspunkt i diskusjon om sosiologiske omgrep og nyare teoritradisjonar
- har studenten innsikt i den allmenne samfunnsdebatten og kan utveksle erfaringar i denne med utgangspunkt i sosiologisk kunnskap
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SO103 Klassiske sosiologiske perspektiv
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, sjølvstudium, seminar med gruppearbeid og presentasjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking på arbeidsseminar med bidrag til gruppevis oppgåveløysing og presentasjon.
Vurderingsform
Individuell skriftleg heimeeksamen i 7 dagar. Omfang: 3000 ord. Bokstavkarakter A - F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle lovlege hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel