Hopp til innhald

SØ6-402 Offentleg økonomiforvaltning

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

I emnet vert det gitt innføring i økonomisk teori og tankegang. Det blir gitt innføring i økonomiske grunnomgrep knytt til velferdsstaten og offentleg sektor. Vidare blir det gitt innføring i det å nyttegjere seg sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, i kalkulasjon, rekneskap og budsjett, samt i økonomistyring, resultatmåling og lønsemd.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

  • Ha brei kunnskap om økonomisk teori og tankegang
  • Ha inngåande kunnskap om sentrale økonomiske grunnomgrep knytt til velferdsstaten og offentleg sektor og kunne anvende denne på relevante problemstillingar
  • Kjenne til eit utval sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, med relevans for eigen sektor og eiga driftseining

Ferdighet:

  • Kunne analysere planleggingsdokument som er relevante for eigen sektor og eiga driftseining
  • Som leiar kunne bruke økonomisk teori på konkrete avgjerdssituasjonar i eiga driftseining
  • Vere i stand til å analysere og forhalde seg kritisk til samfunnsøkonomiske lønsemdsvurderingar, herunder vurdering av nytten og kostnader ved innovasjonsprosjekt.
  • Ha innsikt i den økonomiske situasjonen i organisasjonen og kunne prioritere internt ut frå avgrensa ressursar
  • Kunne bruke budsjettet som planleggingsverktøy

Generell kompetanse:

  • Studentane skal etter avslutta kurs ha fått ei grundig forståing og innsikt i offentleg sektor og teorien for økonomisk politikk og økonomisk styring, med vekt på sektorane helse, velferd og utdanning og dei skal vite korleis dei skal kunne sikre god ressursutnytting i eiga driftseining
  • Kunne nytte nokre sentrale grunnomgrep i økonomisk teori i forståinga av ressursforvaltning i eiga driftseining
  • Kunne kommunisere med kollegaer og leiarar i eigen organisasjon om nokre grunntrekk i velferdsstaten og offentleg sektors økonomiske grunnlag og økonomiforvaltning
  • Kjenne til og kunne analysere eit utval sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, med relevans for eigen sektor og eiga driftseining
  • Kunne nytte sentrale omgrep som økonomistyring, lønsemd og resultatmåling i ei forståing av den offentlege leiarrolla.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, casediskusjonar, gruppearbeid og skriftleg arbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

Individuell innleveringsoppgåve.Mellom 1000 og 1500 ord.

Vurderingsform

Heimeeksamen - 10 dagar. Svar på utleverte oppgåver innan dato gjort kjend av faglærarar. Omfang inntil 3500 ord. Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.

Karakter A - F der F er "ikkje greidd".

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle.

Meir om hjelpemiddel