YFL810 Vurderingspraksis og læreplanforståing (del 2)
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Studiet rettar seg mot yrkesfaglærarar, og føremålet er å auke studentane sine ferdigheiter til å analyse og implementere læreplanverket og med særskilt fokus på vurderingsarbeid, og vidareutvikle studentane sin vurderingspraksis. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar, undervisnings- og vurderingspraksis og fagområde. Samstundes er det eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og innovasjon på skulen til deltakarane. Hovudfokus vil vere å utvikle ei heilskapleg læreplanforståing og analysar som grunnlag for undervisning og tilrettelegging for læring i yrkesfaga. Læreplananalyse vil òg bli drøfta i samanheng med undervegsvurdering for vurdering for læring. Sentrale tema er Overordna del av læreplanverket, djupnelæring, tverrfaglege tema og kjerneelement i læreplanar i fag.
Sentrale tema studiet:
- Sentrale føringar i læreplanverket og implikasjonar for undervegs- og sluttvurdering
- Heilskapleg tilnærming til læreplanar og implikasjonar for didaktisk arbeid med undervegsvurdering
- Demokrati og medborgarskap knytt til vurdering
- Vurdering i ulike læringskontekstar og samhandling mellom ulike arenaer og aktørar i vurderingsarbeid
- Tverrfaglege tema og vurdering
- Djupnelæring, kjerneelement og grunnleggjande ferdigheiter
- Utvikling av vurderingskultur i skulen
Tilbodet er forankra i Opplæringslova og forskrifter , læreplanverket for grunnopplæringa (LK20) , og strategien Yrkesfaglærarløftet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:
Kunnskaper:
Studenten
- har kunnskap om Læreplanverket Kunnskapsløftet 2020 og korleis utvikle heilskapleg tilnærming til implementering av alle delar av læreplanverket
- har kunnskap om læreplananalyse og konsekvensar for undervegsvurdering
- har kunnskap om djupnelæring og sjølvregulert læring
- har kunnskap om elevmedverknad, læring og vurdering
Ferdigheter:
Studenten
- kan analysere, kritisk vurdere og vidareutvikle eigen vurderingspraksis i tråd med læreplanverket
- kan planleggje, gjennomføre og evaluere yrkesrelevant opplæring med utgangspunkt i LK20
Generell kompetanse:
Studenten
- kan vere nytenkjande og dele kunnskap om heilskapleg læreplanarbeid og vurdering med kollegaer på eigen arbeidsplass
- kan bidra til å vidareutvikle og kritisk reflektere rundt heilskapleg læreplanarbeid og vurderingskultur på eigen arbeidsplass
Krav til forkunnskapar
Dette emnet byggjer på YFL802 Vurderingspraksis og læreplanforståelse (del 1).
Undervisnings- og læringsformer
Tilbodet er delvis nettbasert med to samlingar på Campus og ei nettbasert samling.
Studiet vekslar mellom fagleg formidling, gruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Innhald og arbeidsmåtar i studiet tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Mellom samlingane skal studentane prøve ut metodar og verktøy for læreplanarbeid og dei skal delta i digitale nettverksgrupper, der det vert drøfta utprøvingar av metodar og verktøy knytt til heilskapleg tilnærming til læreplanverket, og med særskilt fokus på vurdering for læring.
Studiet vektlegg studentaktive arbeids- læringsformer på alle samlingar. Studentane skal ta ei aktiv rolle i læringsprosessar i studiefellesskapet. Dette er ein føresetnad for gjennomføring av obligatoriske læringsaktiviteter i studiet. Studentane blir organisert i nettverksgrupper som samarbeider om utprøving av verktøy og metodar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling ein og to.
- Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling to og tre.
- Presentasjon av erfaringar frå obligatoriske læringsaktiviteter i studiet for kollegaer på eigen skule
- Aktiv deltaking på samlingar gjennom erfaringsdeling og drøftingar med medstudentar.
Alle obligatoriske læringsaktiviteter er relatert til føremål og læringsutbytte i emnet der felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga. Obligatoriske læringsaktiviteter må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Munnleg eksamen i grupper.
Dette gjennomførast i nettverksgrupper.
Eksamen vert organisert som eksamenskonferanse på campus. Innhald i eksamenspresentasjonen er relatert til læringsutbytteformuleringar i studiet og obligatoriske læringsaktivitetar i studiet. Eksamen er open for kollegaer, skuleleiing, samarbeidspartnarar frå arbeidsliv, skuleeigar og PPU-studentar.
Karakter: Bestått/ ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel