Hopp til innhald

YFL815 Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper (del 2)

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Studiet rettar seg mot yrkesfaglærarar, og føremålet er å vidareutvikla yrkesfaglærarar sin kompetanse i interkulturell og normkritisk pedagogikk og yrkesdidaktikk i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper.

Mangfald i vid betydning, og som ressurs for læring og utvikling, vil liggje til grunn for refleksjonar kring pedagogiske og yrkesdidaktiske utfordringar for å fremje lærelyst og oppleving av samanheng i mangfaldige elevgrupper. Det blir lagt vekt på tolking av dei tverrfagliga temaa i LK20, samarbeidslæring og praksisrelevant mangfaldskompetanse. Gjennom studiet er det ei målsetjing at studentane skal utvikle kritisk refleksjon og økt innsikt i eigne forståingsmåtar og emosjonelle komfortsonar for å skape en tryggare grunn for læringsarbeid i mangfaldige elevgrupper. Målet er å  fange opp etablerte maktkritiske perspektiv og få økt medvit om elevane sine ulike utdanningserfaringar i møte med den norske fag- og yrkesopplæringa, for å kunne skape gode meistringsarenaer som fremjar oppleving av samanheng, yrkesidentitet og yrkesprofesjonalitet i deira framtida arbeidssituasjon.

Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar, undervisningspraksis og fagområde gjennom utprøving av og refleksjon kring metodar og arbeidsmåtar som fremjar læring og tilhøyrsle i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper på yrkesfaglege program og på ulike læringsarenaer i fag- og yrkesopplæringa.

Undervisninga er vel integrert i læreplanen sitt verdigrunnlag, prinsipp for læring, grunnleggjande ferdigheiter, utvikling og danning og dei tverrfaglege tema. Samstundes er det eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og normkritisk bevisstgjering på skulen til deltakarane.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbyte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om betydninga av normkritisk pedagogisk bevisstgjering og refleksjon kring verdiar og haldningar i lys av Overordna del i LK20
  • har kunnskap om mangfald i vid betyding (til dømes kjønns-, seksualitets- og kulturelt mangfald) - ulikskap, sosial rettferd og rasisme
  • har kunnskap om mangfald som ressurs og utfordring i læringsfellesskapet
  • har kunnskap om samarbeidslæring og dei tverrfagliga tema som ressurs i arbeid med mangfaldige elevgruppa

 

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan samhandle og kommunisere verbalt og nonverbalt i mangfaldige elevgrupper
  • kan planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere eiga undervisning med fokus på å leggje til rette for kulturell forståing, tilhøyrsle, meiningsskaping og lærelyst
  • kan bruke varierte metodar, arbeidsmåtar og digitale ressursar (verktøy / hjelpemidlar) som fremjar læring og yrkesprofesjonalitet i mangfaldige elevgruper på yrkesfag

 

Generell kompetanse:

Studenten

  • har bevisstheit om eigen og andre sine forståingshorisontar og verdisyn
  • kan reflektere kritisk over eigen kulturell ståstad, utfordre eigne emosjonelle komfortsonar og utvide eigen forståingshorisont i møte ei mangfaldig elevgruppe
  • kan drøfte sentrale tema knytt til tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper på yrkesfag
  • kan vera bevisst og innovativ når det gjelder interkulturell og normkritisk pedagogikk i samanhelg yrkesdidaktikk og kunne dele kunnskap og metodar med profesjonsfellesskapet på eigen arbeidsplass

Krav til forkunnskapar

Dette emnet byggjer på YFL814 Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper (del 1).

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vekslar mellom forelesningar, gruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Innhald og arbeidsmåtar i studiet tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringa og undervisningspraksis. Mellom samlingane skal studentane prøve ut metodar og ressursar for mangfaldige elevgrupper og dei skal delta i digitale nettverksgrupper, der det vert drøfta utprøvingar knytt til meiningsskaping, lærelyst og inkludering, og med særskilt fokus på normkritisk bevisstheit, tverrfaglig tema og interkulturell kommunikasjon.

Studiet vektlegg studentaktive arbeids- og læringsformer på alle samlingar. Studentane skal ta ei aktiv rolle i læringsprosessar i studiefellesskapet. Dette er ein føresetnad for gjennomføring av obligatoriske læringsaktiviteter i studiet.

Vi vektlegg utprøving og bruk av ulike digitale verktøy og varierte dokumentasjonsformer, som studentane kan bruke med sine elevar, og brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform i studiet. Studentane blir organisert i nettverksgrupper som samarbeider om utprøving av verktøy og metodar og med nettstøtta rettleiing og oppfølging frå HVL.

Studiet er delvis nettbasert med to samlinga på campus Bergen og ei digital samling (alle på to dagar).

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Utprøving i og kritisk analyse av eigen undervisningspraksis mellom samling ein og to.
  2. Utprøving i og kritisk analyse av eigen undervisningspraksis mellom samling to og tre.
  3. Presentasjon av erfaringar frå obligatoriske læringsaktiviteter i studiet for kollegaer på eigen skule
  4. Aktiv deltaking på samlingar gjennom erfaringsdeling og drøftingar med medstudentar.   

Alle obligatoriske læringsaktiviteter er relatert til føremål og læringsutbyte i emnet der felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga. Obligatoriske læringsaktiviteter må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen i gruppe.

Dette med utgangspunkt i teori og nye erfaringa frå utprøvingar av metodar og verktøy i sin undervisningspraksis.

Karakter: Bestått/ ikkje bestått.

Vert organisert som eksamenskonferanse. Innhald i eksamenspresentasjonen er relatert til læringsutbyteformuleringar i studiet. Eksamen er open for kollegium og skuleleiing, samarbeidspartnarar frå næringslivet, representantar frå skuleeigar og PPU-studentar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel