Hopp til innhald

BACH301 Bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Bacheloroppgåva er eit forskingsretta arbeid der kandidatane skal formulere og svare på ei valt problemstilling skriftleg eller praktisk-estetisk, samt skriftleg svar på oppgåva. Oppgåva skal knytast opp mot studentane si fordjuping eller eit av kunnskapsområda i utdanninga. Oppgåva skal reflektere faglege, fagdidaktiske og/eller pedagogiske kunnskapar knytt til profesjonen og forskningsetiske vurderingar.

Det kan vere moglegheiter for å inngå samarbeid om datainnsamling med barnehagefaglege forskarar ved HVL. Meir info om dette vil i tilfelle bli opplyst om ved emnestart.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om vitskapsteori, forskingsmetode og forskingsetikk
  • har utvida kunnskap om sentrale faglege problemstillingar og barnehagefagleg forsking knytt til tema for oppgåva.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og drøfte ei barnehagefagleg problemstilling
  • kan gjere etiske vurderingar og grunngje vitskapsteoretisk ståstad og bruke metodisk kunnskap i utforminga av bacheloroppgåva
  • kan analysera og formidla vitskapleg fagstoff, munnleg og skriftleg og viss aktuelt, praktisk - estetisk

Generell kompetanse

Studenten

  • har grunnleggjande ferdigheiter i akademisk skriving og viss aktuelt, framstille et praktisk arbeid visuelt eller performativt
  • kan vise til innsikt og kritisk refleksjon i profesjonsrelevante spørsmål
  • kan bruke forskingsbasert kunnskap til å vidareutvikle profesjonsfagleg kompetanse, profesjonen og barnehagen

Krav til forkunnskapar

Fullført alle emner i første studieår og godkjent praksis i andre studieår.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeid med bacheloroppgåva er forskingsførebuande og det er det sentrale i emnet.

Studentane må forvente 400 arbeidstimar til læringsaktivitetar, undervisning og arbeid med oppgåva. Sjølvstendig arbeid med oppgåva blir vektlagt i heile prosessen. Undervisninga vil bestå av førelesningar om vitskapsteori og forskingsmetode, seminar, og rettleiing knytt til arbeid med bacheloroppgåva.

Rettleiing

Rettleiing vert gitt på grunnlag av innsendt skriftleg materiale. Studenten skal møte førebudd. Studentar som ikkje har sendt inn materiale til avtalt tid eller som ikkje er førebudd, kan avvisast. Rettleiar skal godkjenne problemstilling, metode og prosjektplan.

Obligatorisk læringsaktivitet

Læringsaktivitetar som er obligatoriske må være godkjent for at studenten kan meldast opp til eksamen.

1) Deltaking på metode- og vitskapskurs knytt til læringsutbytte «har grunnleggjande kunnskap om vitskapsteori, forskingsmetode og forskingsetikk».

2) Prosjektplan knytt til læringsutbytte «kan gjere etiske vurderingar og grunngje vitskapsteoretisk ståstad og bruke metodisk kunnskap i utforminga av bacheloroppgåva».

3) Deltaking på seminar knytt til læringsutbyttet «kan analysera og formidla vitskapleg fagstoff, munnleg og skriftleg».

4) Rettleiing knytt til læringsutbytte «kan vise til innsikt og kritisk refleksjon i profesjonsrelevante spørsmål». Minimum ei obligatorisk rettleiingsøkt etter godkjent prosjektplan og minimum ei obligatorisk rettleiing etter fullført seminar.

Alle obligatoriske læringsaktivitetar er knytt til inneverande studieår. Det betyr at dersom man tar emnet på nytt, må alle obligatoriske læringsaktivitetar gjennomførast og godkjennast på nytt.

Det er fire læringsaktivitetar: Ved fråvær av obligatoriske læringsaktivitetar 1 & 3 skal studentar oppfylle krav om kompenserande læringsaktivitetar. Dersom studenten ikkje får godkjent læringsaktivitet 2 på første forsøk, vert det høve til eit (1) nytt forsøk innan gitt frist før eksamen.

Utfyllande campusbasert/fordjupningsbasert informasjon vil bli gitt ved emnestart.

Vurderingsform

Bacheloroppgåve som skal skrivast i gruppe på 2 - 3 studentar.
Studentar med krav om særleg tilrettelegging kan søka om å skrive åleine.

Oppgåva skal skrivast på norsk og ha eit samandrag på engelsk (abstract).

Utfyllande campusbasert/fordjupningsbasert informasjon vert gitt ved emnestart.

Bacheloroppgåva skal enten vurderast:

- i sin heilskap som ein skriftleg rapport som tel 100 %. Omfang for gruppeoppgåve: 10 000 +/- 10 % ord. Ved individuell oppgåve: 8 000 +/- 10 % ord.

eller

- beståande av to delar som utgjer ein heilskap: ein praktisk-estetisk del som tel 40 % og ein oppgåvetekst som tel 60 %. Ved praktisk-estetiske delsvar, forventar ein eit omfang på omlag 7 000 ord for gruppeoppgåver og 5 000 ord for individuell oppgåve.

Ei bacheloroppgåve som er vurdert til ikkje bestått kan omarbeidast og leverast inn for ny vurdering.

For oppgåve som blir vurdert til ikkje bestått og er levert av 2-3 studentar, må alle i gruppa vere einige i at oppgåva skal omarbeidast og leverast inn til ny vurdering.

Studentar som skal levere på nytt må gjennomføre ei obligatorisk rettleiing. Innlevering av omarbeida oppgåve kan berre skje ein gong. Ved tredje forsøk må det leverast ei heilt ny oppgåve. Ny prosjektplan må godkjennast av oppnemnd rettleiar.

Vurdering av bacheloroppgåva blir gjort av ein intern og ein ekstern sensor. Oppgåva blir vurdert etter karakterskala A-F, der A er best og F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillate

Meir om hjelpemiddel