Hopp til innhald

BARN120 Barnevernet i velferdsstaten

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

I dette emnet er hovudtyngda av undervisninga knytt til bruk av juridisk metode og forvaltningsrett. Det vert lagt til rette for at studenten kan tileigne seg kunnskap om å argumentere juridisk. Det vert gitt ein introduksjon til barnevernsretten, samt undervist i dokumentskriving, stat- og kommunalkunnskap og sosialpolitiske målsetnader med relevans for barnevernsfeltet. Vidare vil studenten lære om sosiologiske omgrep og perspektiv som kan brukast til å forstå individuelle og samfunnsmessige utfordringar i velferdssamfunnet. Perspektiv på kjønn og etnisk mangfald inngår også i emnet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten…

  • har kunnskap om den norske statsforvaltninga og helse- og sosialpolitiske målsetnadar på barne- og familiefeltet.
  • har kunnskap om relevante sosiologiske omgrep og perspektiv.
  • har kjennskap til juridisk metode og forvaltningslova, og kva tyding dette har i yrkesutøvinga.
  • har kunnskap om etnisitet omgrepet og ulike kulturomgrep, og om migrasjonsprosessar ved flukt og arbeidsinnvandring.
  • har kunnskap om etiske verdiar og maktforhold i yrkesutøvelsen.
  • kan gjere greie for samfunnsstrukturer som hemmar og fremmar sosial ulikskap, inkludering, likestilling og diskriminering.
  • har kunnskap om sammanheng mellom levekår, utdanning og betydningen av arbeidsinkludering.

Ferdigheter: Studenten...

  • kan bruke grunnleggande prinsipp i forvaltningslova.

Generell kompetanse: Studenten...

  • har innsikt i og er medviten om kva tyding institusjonelle og kulturelle rammer har for arbeid med barn og familiar i utsette livssituasjonar.
  • kan formidle munnleg og skriftleg grunntrekka i juridisk metode og kjenne til lova si tyding for yrkesutøvinga.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings og læringsformer vekslar mellom plenumsførelesingar, seminar, ferdigheitstrening knytt til dokumentskriving og arbeid i basisgruppe. Mykje av undervisninga skjer gjennom bruk av digitale verktøy.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 80 % frammøte i studentaktiv - og erfaringsbasert undervisning knytt til seminar og basisgruppearbeid.
  2. Minimum 80 % frammøte i juridisk metode og i dokumentskriving
  3. Individuell oppgåve knytt til dokumentskriving. Omfang: 400 ord +/- 10%. Det vil bli gitt skriftleg tilbakemelding
  4. Munnleg framlegg i grupper frå arbeid med oppgåver i basisgrupper knytt til tema kjønn.
  5. Individuell fleirfagleg oppgåve. Omfang 1000 ord +/-10%. Det vil bli gitt skriftleg tilbakemelding.

Ved ikkje godkjent skriftleg obligatorisk læringsaktivitet kan ein levere inn revidert versjon ein gong, jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 8- 4.

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.

Vurderingsform

Eksamen Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Tid og stad for eksamen,sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovsamling og to-språkleg ordliste.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BVP5-105 - Sosialpedagogisk introduksjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng