BARN130 Barn og unges oppvekst og utvikling
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
I dette emnet vert psykologi, sosialpedagogisk arbeid med barn og unge og utvikling av kommunikasjon og relasjonskompetanse vektlagt. Innhaldet i psykologiundervisninga omhandla generell psykologi, utviklingspsykologi og sosialpsykologi. Studentane vert presenterte for ulike perspektiv på barn og unge si utvikling. I sosialpedagogisk arbeid er prinsippa i eit relasjonelt pedagogisk perspektiv og korleis anvende didaktiske prinsipp i sosialpedagogisk arbeid vektlagt. I undervisning og ferdigheitstrening skal studentane utvikle relasjonskompetanse og kunne lære å sjå samanhengen mellom det personlege og det profesjonelle i barnevernspedagogen sitt liv. Studentane øver seg på å samtale med eit barn. Og dei får kunnskap om korleis sosiale media er ein del av barn og unge sin oppvekst. Systemteori og systemteoretiske perspektiv vert presentert som eit perspektiv i arbeid med barn, unge og deira familiar.
Læringsutbytte
En student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten…
- har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid med barn og deira foreldre, inkludert interkulturell kommunikasjon
- har kunnskap om mangfaldsperspektiv i arbeid med barn og familiar.
- har fleirfagleg kunnskap om barn sin oppvekst, utvikling og sosialisering med særleg vekt på barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.
- har kunnskap om korleis fremje barn si deltaking.
- har kunnskap om systemteori og korleis systemteoretiske perspektiv vert brukt i arbeid med barn, unge og deira familiar.
- kjenner til familiepolitiske føringar, ulike former for familieliv og familiekonstellasjonar.
- har kunnskap om sosiale media som del av barn sin oppvekst.
Ferdigheiter: Studenten…
- kan kommunisere og samarbeide hensiktsmessig med barn, unge og føresette på måtar som fremjer deltaking.
- kan bruke erfaring og fleirfagleg kunnskap til å vurdere barns beste og bygge relasjonar i møte med barn og deira foreldre.
- kan bruke livsformsintervju som samtalemetodikk i samtaler med barn.
Generell kompetanse: Studenten...
- kan nytte fleirfagleg kunnskap til å møte og forstå barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.
- har innsikt i eigen forforståing, haldningar og verdiar, og kva betydning dette har i kommunikasjon med barn og deira familiar.
Krav til forkunnskapar
Studenten har opparbeida seg eksamensrett i BARN100.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisings- og læringsformer vekslar mellom forelesing, seminar, gruppearbeid, arbeid i basisgrupper, ferdigheitstrening og rollespel i grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- 80 % frammøte i studentaktiv- og erfaringsbasert undervising knytta til gruppearbeid, ferdigheitstrening i kommunikasjons- og relasjonsarbeid og i samtalar med barn og unge
- Individuelt refleksjonsnotat i kommunikasjon- og relasjonsarbeid. Omfang: 1600 ord ( +/- 10%)
- Gjennomføre eit livsformintervju med eit barn og transkribere intervjuet
- Individuelt refleksjonsnotat om eiga læring i å samtale med barn. Omfang: 1200 ord (+/-10%)
- Delta i basisgruppmøte saman med kontaktlærar
Ved ikkje godkjente skriftlege obligatoriske læringsaktivitetar kan ein levere inn revidert versjon ein gong, jfr. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 8- 4
Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.
Vurderingsform
Eksamen Mappeeksamen.
Mappa inneheld ei oppgåve. Oppgåva skal være på 3500 ord (+/- 10%). Studenten får skrifteleg rettleiing undervegs i arbeidet med oppgåva.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BVP5-105 - Sosialpedagogisk introduksjon - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BVP5-106 - Barn og unges kvardagsliv, oppvekst og utvikling - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BVP5-205 - Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering - Reduksjon: 5 studiepoeng