BBLDPR101 Praksis 1. år deltid
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Praksis i første studieår på barnehagelærar deltid er 30 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.
Studentene skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.
Hovudfokus: studenten si leiing av seg sjølv og barna.
Læringsutbytte
Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og i samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:
- vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
- planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
- ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
- legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
- vise evne til å reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber
Studenten skal ha tilsaman 3 leiardagar (minimum) i praksis første studieår.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Hovuddelen av praksis er knytt til barnehage, men 5 dagar skal ha fokus på overgangen frå barnehage til skole og SFO.
I Bergen vil all praksis blir gjennomført i barnehagen, men i Sogndal og på Stord skal 5 praksisdagar vere på ein barneskule og/eller SFO.
Obligatorisk læringsaktivitet
-
Vurderingsform
30 dagar rettleidd og vurdert praksis med krav om 100% frammøte.
Karakterskala: bestått/Ikkje bestått.
Om praksis ikkje blir bestått kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon. Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.
- Bergen: Alle 30 dagane er i barnehage, og studenten får skriftleg sluttvurdering når alle dagane er fullført. Ved ikkje bestått må alle 30 dagane takast på nytt.
Sogndal: vurderinga er delt i to delemne, med kvar si sluttvurdering:
- 25 dagar i barnehage
- 5 dagar i skule
- Begge delane må vere bestått for å få bestått praksis 1. studieår. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel