Hopp til innhald

BBLPR201 Praksis 2. år

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Praksis i andre studieår på barnehagelærarutdanninga er på 35 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.

Studentene skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Hovudfokus: studenten si leiing av barn og medarbeidarar.

Læringsutbytte

Studenten skal i løpet av andre studieår få gjere seg erfaringar med samarbeid med både føresette, personale og samarbeidspartnarar, leie aktivitet med barn og øve seg i å leie medarbeidarar i barnehagen. Dette inneber blant anna å utvikle eigen rettleiarkompetanse og å reflektere over rettleiinga sin plass i barnehagen. Studenten skal òg tileigne seg større forståing for barnehagen som læringsmiljø og danningsarena og barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barn varierte erfaringar. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

• stå fram som ein reflektert pedagogisk leiar og fagperson

• leie og rettleie barnehagepersonalet i aktivitetar med barnegrupper, og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis

• vise relasjonskompetanse og kunne reflektere kritisk over eiga rolle i kommunikasjon og samarbeid med føresette og kollegaer

• reflektere over barnehagen som leike-, lærings- og danningsarena

Studenten skal ha 5 leiardagar (minimum) i praksis 2. studieår.

Krav til forkunnskapar

Praksis første studieår (BBLPR101) må være bestått for at du kan starte denne praksisperioden.

Undervisnings- og læringsformer

All praksis blir gjennomført i barnehage.

Obligatorisk læringsaktivitet

-

Vurderingsform

35 dagar rettleidd og vurdert praksis med krav om 100% frammøte.

Karakterskala bestått/Ikkje bestått. Om praksis ikkje blir bestått, kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Alle 35 dagane må takast på nytt. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.

Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel