Hopp til innhald

BBLPR301 Praksis 3. år

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Praksis i tredje studieår på barnehagelærarutdanninga er på 25 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.

Studenten skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Hovudfokus: studenten si leiing av barn og barnehagen.

Læringsutbytte

I tredje studieår skal studenten utvikle evne til pedagogisk leiing og leiing av endrings- og utviklingsprosessar i barnehagen og vise at pedagogisk leiing inneber profesjonsetisk bevissthet. Studenten skal fokusere både på eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat, og kunne reflektere over dette. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • Stå fram som barnehagelærar og kunne reflektera rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga generelt og fordjupinga spesielt
  • Kunne leie barnehagen som lærande organisasjon
  • Auke si generelle pedagogiske leiarkompetanse
  • Kunne legge til rette for eit miljø som fremmar og tek i vare på leik
  • Kunne reflektere over balansen mellom målstyrt pedagogisk leiing og dialog med medarbeidarar og balansen mellom å ta omsyn til eigne behov og å vere orientert mot andre.

Studenten skal ha 5 leiardagar (minimum) i praksis 3. studieår.

Krav til forkunnskapar

Praksis andre studieår (BBLPR201) må vere bestått for at du kan starte denne praksisperioden.

Undervisnings- og læringsformer

All praksis blir gjennomført i barnehage.

Unntak: KKP301 og KAB301 har eit alternativt opplegg i samband med 10 dagar fordjuping. Dette kjem fram i emneplanane.

Obligatorisk læringsaktivitet

-

Vurderingsform

25 dagar rettleidd og vurdert praksis med krav om 100% frammøte. 15 praksisdagar har fokus på utviklingsarbeid og 10 praksisdagar har fokus på fordjuping. Praksis er delt i to delvurderinger, slik:

  • Bergen: 15 praksisdagar eitt semester og 10 dagar eitt semester, avhengig av valt fordjuping.
  • Sogndal: 20 praksisdagar haust og 5 praksisdagar vår
  • Stord: 15 praksisdagar haust og 10 praksisdagar vår

Karakterskala bestått/Ikkje bestått.

Om praksis ikkje blir bestått, kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast på nytt åleine. Begge delane må vere bestått for å få bestått praksis 3. studieår.

Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel