Hopp til innhald

BIDR114 Trening og aktivitetslære

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet Trening og aktivitetslære består av praktisk tilnærming til ulike treningsformer og aktivitetar med omsetting av treningslære i praksis for ulike målgrupper. Nokre aktivitetar er knytt til teori i andre emne som går parallelt, som mellom anna Treningslære og Pedagogikk og coaching. Det blir gjennomført treningsrettleiing av medstudent, inkludert logg og 20 timar punktpraksis i aktivitetsleiing innan gruppetrening, inkludert logg. Emnet omfattar også Norges idrettsforbund (NIF) sitt barneidrettstrenarkurs og paraidrettskurs som gjer studentane kvalifisert til å gjennomføra ulike aktivitetar for born under 12 år og for personar med funksjonsnedsetjing.

Læringsutbytte

Ved fullført emnet skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing av trening og aktivitet i ulike alders-, funksjons- og ferdigheitsnivå
  • kan knytte kunnskap om trening og aktivitet til praktisk gjennomføring
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utøve og syne sentrale ferdigheiter i ulike treningsformer og -aktivitetar
  • kan vise ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå
  • beherske nærfriluftsaktivitetar og orientering med kart i natur
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • kan innhenta, analysera, tolka og presentera (test)data

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre, vurdere og reflektere over trening og aktivitet inne og ute til ulike alders- og ferdigheitsnivå
  • kan rettleie innan trening, fysisk aktivitet og friluftsliv, samt reflektere over rolla som instruktør
  • kan gjennomføre livredning i, ved og på vann og gje livreddende førstehjelp, inkludert hjarte- og lungeredning (HLR)
  • kan drive variert aktivitet for born under 12 år og for personar med funksjonsnedsetjing

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til praktisk undervisning, der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. I einskilde opplegg/kurs er det òg teoretiske timar og førelesingar. Praksis, gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer inngår og som ein viktig del av emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Aktiv deltaking i obligatorisk læringsaktivitetar skal gje studenten kunnskap om og refleksjon over aktiviteten og kunne samhandle med andre
  • Gjennomført og godkjent obligatorisk læringsaktivitet tilhøyrande praktisk undervisning
  • Gjennomført og godkjent treningsrettleiing av medstudent inkludert logg
  • Punktpraksis knyttet til gruppetrening på ulike arenaer (20 t) skal gje studenten erfaring i å planlegge, organisere, tilrettelegge og rettleie på ulike ferdigheitsnivå. Det vil berre bli lagt til rette for ein periode med praksis. Studenten må gjennomføra denne denne praksisen for å få rett til å gå opp til eksamen. Det kan søkjast om å få gjennomføra ein alternativ praksis som studenten arrangerer sjølv.
  • Praksisrapport basert på planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetsopplegg.
  • Kursa Barneidrettstreneren og Tilrettelegging paraidrett frå NIF
  • Praktisk prøve i livberging i vatn i kombinasjon med HLR

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta som omhandlar å inneha ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå, samt kompetanse til å utføre livreddande førstehjelp.

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon (totalt 40 minutt).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel