BIDR200 Idrett og treningslære
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar prestasjonsbestemmande faktorar i ulike idrettar og tek føre seg:
- Adaptasjon (endring etter trening) i bestemmande faktorar
- Trening og treningsgjennomføring av styrke, uthald, spenst og hurtigheit, og i ulike idrettar (metodar, intensitet etc.)
- Treningsplanlegging (krav og kapasitet, planar, treningsprinsipp, formtopping)
- Testing av uthald, styrke, hurtigheit og spenst
- Prestasjonsbestemmande faktorar
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om ulike treningsmetodar og effekten av dei for uthald, styrke, hurtigheit og spenst
- har brei kunnskap om treningsplanlegging
- har brei kunnskap om korleis å lage og tolke arbeids- og kapasitetsanalyse for valt idrett
- har kunnskap om testing av uthald, styrke, hurtigheit og spenst
Ferdigheiter
Studenten
- kan forklare prestasjonsbestemmande faktorar for ulike idrettar
- kan forklare adapsjonar til ulike treningsmetodar
- kan gjennomføre trening av styrke, uthald, spenst og hurtigheit, og i ulike idretter
- kan gjennomføre og evaluere generelle og idrettsspesifikke testar
- kan innhente, analysere, tolke og presentere data
Generell kompetanse
Studenten
- kan kritisk vurdere og diskutere ulike prestasjonsbestemmande faktorer
- kan utvikle, gjennomføre, evaluere og tilpasse idrettsspesifikke treningsøkter for å betre kapasiteten til ein utøver i ulike idrettsgreiner
- kan formidle og diskutere adaptasjon til trening
- kan lage treningsplaner og kontrollere treningseffekt gjennom testing
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
IDF101 Treningslære
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til klasserom, innandørs i sal og laboratorium, ute i felt, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i praktiske timar (testing/laboratorieøvingar og trening) og diskusjonstimar i klasserom
Desse læringsaktivitetane er kopla opp mot læringsutbytta om å kunne utvikle, gjennomføre, evaluere og tilpasse idrettsspesifikke treningsøkter, treningsplaner og tester. Minimum 80% av læringsaktivitetane må være godkjende.
Vurderingsform
Mappeeksamen med læringsmappe og vurderingsmappe.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Læringsmappa består av fem delar:
- Mappeelement 1: Planleggingsprosessen
- Mappeelement 2: Gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av trening
- Mappeelement 3: Metode og statistikk
- Mappeelement 4: Quiz-oppgåver
- Mappeelement 5: Prestasjonsbestemmande faktorar og adaptasjon
To av mappeelementa skal utgjere vurderingsmappa. Desse to mappelementa vert bestemt av faglærar innan tre veker før eksamen.
Dersom begge elementa ikkje er levert i vurderingsmappa, vil vurderingsmappa få «ikkje bestått». Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel