BIDR210 Fysiologi og treningslære
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar menneskets fysiologi og fysiologiske endringar som følgje av trening. Studentane vil også lære å planlegge trening og gjennomføre relevante testar for å vurdere fysisk kapasitet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om fysiologi med hovudvekt på organsystema sentrale for fysisk aktivitet og trening
- har brei forståing for adaptasjonar til uthalds- og styrketrening
- har brei forståing for testing av fysisk kapasitet
- kjenner til hvordan et forskningsarbeid gjennomføres
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte forskningsbasert kunnskap til å planlegge trening for ulike individ og treningsmål
- kan gjennomføre relevante tester for fysisk kapasitet
- kan innhente, analysere, tolke og presentere kvantitative testdata
Generell kompetanse
Studenten
- kan nytte forskningsbasert kunnskap til å utarbeide periodeplanar og øktplanar
- kan diskutere sentrale problemstillingar innan nasjonal og internasjonal forsking knytt til styrke- og uthaldstrening
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
IDF101 Treningslære
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i praktiske timar
- Eit skriftleg arbeid knytt til testing der studenten selv innhenter, analysere, tolker og presenterer testdata
Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om ferdigheit der studenten skal kunne nytte fagleg kunnskap til å planlegge trening for ulike individ og treningsmål, gjennomføre relevante tester for fysisk kapasitet og innhente, analysere, tolke og presentere testdata.
Vurderingsform
Individuell skriftleg skuleeksamen, 6 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel