Hopp til innhald

BNF301 Barn, natur og friluftsliv

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emneplanen bygger på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning og emnet er ein valbar fordjuping i bachelorstudiet Barnehageutdanning med vekt på natur, helse og rørsle. Studiet er lagt til haust- og vårsemesteret tredje studieår. Kunnskapsbasen bygger i hovudsak på faga naturfag, fysisk fostring, mat og helse og pedagogikk.

Emnet er i stor grad basert på undervisning ute med praktisk arbeid. Undervisninga er forskningsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del.

Etter gjennomført emnet er studenten ein viktig ressurs i barnehagen på natur og friluftsliv. Undervisninga er organisert i 5 hovudtema:

  • Pedagogisk leiing, kritisk refleksjon og leiing av personalet
  • Barnas friluftsliv
  • Naturkjennskap og friluftsliv
  • Mennesket i naturen
  • Bruk av naturen som ressurs

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • Kan sikre barns medverknad i naturen og friluftsaktivitetar ved at barna sine uttrykk blir fulgt opp og evaluert
  • Har brei kunnskap om korleis ein kan stimulere til barns undring, utforsking, meistring, leik, utvikling og læring i naturen
  • Har kunnskap om pedagogisk friluftsliv og økofilosofi
  • Har kunnskap om berekraftig utvikling og didaktiske praksisar som kan nyttast i barnehagen
  • Har kunnskap om prosesser og fenomen i naturen, vær og klima, økologi og geologi
  • Har kunnskap om hausting av ressursar frå naturen og konservering av mat

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan leie og utvikle prosjekt og aktivitetar i samarbeid med barn og personalet i natur- og friluftsaktivitetar
  • Kan planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfaglege natur- og friluftsaktivitetar i ulike naturtypar til ulike årstider, som fremmer barn sin meistring, nysgjerrigheit, oppdagarglede og sjølvutvikling
  • Kan legge til rette for bruk av naturen til oppleving, observasjon, eksperiment, utforsking, lek og læring i ulike tema i nærmiljø for barn
  • Kan planlegge, gjennomføre og vurdere behov for varierte måltid for barn i naturen
  • Kan tilberede mat i og frå naturen og nytte ulike konserveringsmetodar
  • Kan meistre basisferdigheiter i friluftsliv og ha evne til å meistre opphald og ferdsel i varierte naturmiljø

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid med barn
  • Kan vurdere korleis rammeplan for barnehagen kan brukast som utgangspunkt for ulike aktivitetar relatert til Natur, helse og rørsle saman med andre emne
  • Kan bidra til barn si heilskaplege utvikling og læring i barnehagen
  • Har god innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar og kjenner krav til tryggleik ved natur- og friluftsaktivitetar
  • Har sjølvstendig og reflektert forståing for barnehageprofesjonen si særstilling og kan vidareutvikle barnehagen og barnehagelærarrolla
  • Kan vurdere og ta i bruk relevant forsking i barnehagen

Krav til forkunnskapar

Bestått: NHR101/NHR102/NHRA101/NHRD101

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli nytta varierte arbeidsformer som lærarstyrte og studentstyrte aktivitetar, arbeid i grupper, seminarverksemd, ekskursjonar med overnatting, førelesningar, rettleiing og sjølvstudium. Delar av det studentaktive arbeidet vil liggja utanom dei timeplanfesta aktivitetane.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane må rekne med at delar av undervisninga er obligatorisk. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving, praktisk arbeid eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel på inntil 2000 kr. Denne vil bli spesifisert ved semesterstart og vil vera ulikt på dei ulike kampusane. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav, dersom ein ikkje kan delta på ekskursjonane.

Praksis

Praksis vert gjennomført etter eigne læringsutbytte som står oppført i studieplanen. Informasjon om praksis (BBLPR301) ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Ei individuell oppgåve. Oppgåva er knytt til læringsutbytta:
    • Studenten har kunnskap om hausting av ressursar frå naturen og konservering av mat
    • Studenten kan tilberede mat i og frå naturen og nytte ulike konserveringsmetodar
    • Studenten kan meistre basisferdigheiter i friluftsliv og ha evne til å meistre opphald og ferdsel i varierte naturmiljø

  • Ekskursjonar og forflytta undervisning. Desse er knytt til læringsutbytta:
    • Studenten kan meistre basisferdigheiter i friluftsliv og ha evne til å meistre opphald og ferdsel i varierte naturmiljø
    • Studenten kan planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfaglege natur- og friluftsaktivitetar i ulike naturtypar til ulike årstider, som fremmer barn sin meistring, nysgjerrigheit, oppdagarglede og sjølvutvikling
    • Studenten kan legge til rette for bruk av naturen til oppleving, observasjon, eksperiment, utforsking, lek og læring i ulike tema i nærmiljø for barn
    • Studenten har kunnskap om pedagogisk friluftsliv og økofilosofi

  • Ei gruppeoppgåve. Oppgåva er knytt til læringsutbytta:
    • Studenten kan leie og utvikle prosjekt og aktivitetar i samarbeid med barn og personalet i natur- og friluftsaktivitetar
    • Studenten har brei kunnskap om korleis ein kan stimulere til barns undring, utforsking, meistring, leik, utvikling og læring i naturen
    • Studenten kan planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfaglege natur- og friluftsaktivitetar i ulike naturtypar til ulike årstider, som fremmer barn sin meistring, nysgjerrigheit, oppdagarglede og sjølvutvikling
    • Studenten kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid med barn

Alle obligatoriske læringsaktiviteter blir nærare presisert ved semesterstart, og er knytt til læringsutbytta i emnet. I samband med ekskursjonar må studentar vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk oppgåve.

Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert som godkjent / ikkje godkjent. Dei må være levert / gjennomført til fastsett innleveringsfrist for at det skal bli vurdert. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, får studenten ein (1) moglegheit til ny innlevering / gjennomføring innanfor ordinært studieforløp i emnet. Nytt forsøk må være avvikla seinast 2 veker før eksamen startar. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før praktisk eksamen.

Vurderingsform

  • Del 1: Oppgåve, tel 40% - Gruppe
  • Del 2: Praktisk eksamen, tel 60 % . Individuell karakter. Tidsramme: 1 veke.

Bergen:

  • Del 1: Oppgåve - gruppe, eksamen - haustsemesteret
  • Del 2: Praktisk eksamen; eksamen - vårsemesteret

Sogndal og Stord:

  • Del 1: Oppgåve - gruppe, - eksamen vårsemesteret
  • Del 2: Praktisk eksamen; - eksamen vårsemesteret

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Ved skriftleg oppgåve i grupper er alle hjelpemiddel tillate.
  • På praktisk munnleg eksamen er ingen hjelpemiddel tillate.

Meir om hjelpemiddel