Hopp til innhald

BULL101 Barns utvikling, leik og læring

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet BULL - barns utvikling, leik og læring - omfattar grunnleggande kunnskap om barn og barn si utvikling. Kunnskap i emnet er knytt til barnehagen sitt verdigrunnlag og skal fremje fagleg innsikt i omsorg, leik, læring og danning. I emnet får studentane innføring i å leie pedagogisk arbeid gjennom observasjon, planlegging og vurdering av lærings- og utviklingsprosessar for barn i ulik alder og med ulike føresetnadar. Sentralt er synet på barn og barndom i eit mangfaldig, inkluderande og berekraftig samfunn. Emnet legg vekt på kunnskap om leik, då leik er ein livs- og læringsform med eigenverdi som er avgjerande for barna si allsidige utvikling.

Emnet er organisert i undervisningstema som er knytt til teori og praksis, og som har som mål at studenten skal få innblikk i arbeidet til barnehagelærar og pedagogisk leiar. Det vert forventa at studenten er førebudd til undervisning og deltar i diskusjonar, gruppearbeid, framlegg og anna. Studenten skal ta ansvar for å skape eit inkluderande klassemiljø med vekt på omsorg, anerkjenning, refleksjon og utforsking, som ein del av profesjonsdanninga.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om barnehagens formelle rammer, målsetjingar og verdigrunnlag
  • har kunnskap om barns medverknad, syn på barn og barndom
  • har kunnskap om teoriar og forsking om barns utvikling, leik, omsorg, læring og danning
  • har kunnskap om leik som fenomen og barnehagen som arena for utforsking, vennskap samspel og kroppsleg utfalding
  • har kunnskap om didaktikk og observasjon
  • har kunnskap om ulike overgangar knytt til barnehagelivet
  • har kunnskap om pedagogisk leiing

Ferdigheiter

Studenten

  • kan observere og analysere observasjonar
  • kan skape, delta i og oppretthalde omsorgsfulle relasjonar og vise evne og vilje til innleving og anerkjenning av kvart enkelt barn
  • kan etablere og leie samspel med enkeltbarn og i barnegrupper og reflektere fagleg over eiga rolle
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid
  • kan vere deltakande og inspirerande i leik med barn i ulike miljø

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til barns utvikling, leik, læring, omsorg og danning
  • har ein anerkjennande veremåte i møte med barns særeigne behov og læring
  • kan reflektere fagleg om barn sin integritet basert på forståing av barn sin rett til medverknad og syn på barn og barndom
  • kan praktisere og grunngi eigen pedagogiske kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, seminar og studentaktive læringsformer, både individuelt og i grupper.

Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.

Praksis

Praksis vert gjennomført etter eigne læringsutbytte som står oppført i studieplanen. Informasjon om praksis (BBLPR101) ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Obligatorisk læringsaktivitet

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytta til læringsutbytta i emnet.

  • Godkjent deltaking i undervisning, minimum 80%, knytt til læringsutbytte: Reflektere fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til barns utvikling, leik, læring, omsorg og danning.
  • Ein individuell læringsaktivitet knytt til pedagogisk leiing og observasjon.
  • Ein læringsaktivitet i grupper knytt til barns utvikling, leik og læring og planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet blir nærare presisert ved semesterstart.

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, får studenten éin (1) moglegheit til ny innlevering/gjennomføring innanfor ordinært studieforløp for emnet. Nytt forsøk må avviklast innan gitt frist før eksamen.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar.

Omfang totalt 2500 - 3000 ord.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Pensum og andre relevante kjelder.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BULLD101 - Barns utvikling, leik og læring - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BLU-BULL - Barns utvikling, leik og læring - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • ABLU-BULL1 - Barns utvikling, leik og læring 1 - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BULLA101 - Barns utvikling, leik og læring - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BULL1-HV - Barns utvikling, leik og læring 1 - Reduksjon: 20 studiepoeng