BULLD101 Barns utvikling, leik og læring
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet BULL - barns utvikling, leik og læring - omfattar grunnleggande kunnskap om barn og barn si utvikling. Kunnskap i emnet er knytt til barnehagen sitt verdigrunnlag og skal fremje fagleg innsikt i omsorg, leik, læring og danning. I emnet får studentane innføring i å leie pedagogisk arbeid gjennom observasjon, planlegging og vurdering av lærings- og utviklingsprosessar for barn i ulik alder og med ulike føresetnadar. Sentralt er synet på barn og barndom i eit mangfaldig, inkluderande og berekraftig samfunn. Emnet legg vekt på kunnskap om leik, då leik er ein livs- og læringsform med eigenverdi som er avgjerande for barna si allsidige utvikling.
Emnet er organisert i undervisningstema som er knytt til teori og praksis, og som har som mål at studenten skal få innblikk i arbeidet til barnehagelærar og pedagogisk leiar. Det vert forventa at studenten er førebudd til undervisning og deltar i diskusjonar, gruppearbeid, framlegg og anna. Studenten skal ta ansvar for å skape eit inkluderande klassemiljø med vekt på omsorg, anerkjenning, refleksjon og utforsking, som ein del av profesjonsdanninga.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:
- Barnehagens formelle rammer, målsetjingar og verdigrunnlag
- Barns medverknad, syn på barn og barndom
- Teoriar og forsking om barns utvikling, leik, omsorg, læring og danning
- Leik som fenomen og barnehagen som arena for utforsking, vennskap, samspel og kroppsleg utfalding
- Didaktikk og observasjon
- Ulike overgangar knytt til barnehagelivet
- Pedagogisk leiing
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- Observere og analysere observasjonane
- Skape, delta i og oppretthalda omsorgsfulle relasjonar og vise evne og vilje til innleving og anerkjenning av kvart enkelt barn
- Etablere og leie samspel med enkeltbarn og i barnegrupper og reflektere fagleg over egen rolle
- Planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid
- Vere deltakande og inspirerande i leik med barn i ulike miljø
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- Reflektere fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytta til barns utvikling, leik, læring, omsorg og danning
- Ha ein anerkjennande veremåte i møte med barns særeigne behov og læring
- Reflektere fagleg om barn sin integritet basert på forståing av barn sin rett til medverknad og syn på barn og barndom
- Praktisere og grunngi eigen pedagogiske kompetanse
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, seminar og studentaktive læringsformer, både individuelt og i grupper.
Praksis
Praksis blir gjennomført etter eigne læringsutbytte som står oppført i studieplanen. Informasjonen om praksis (BBLDPR101) ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.
Obligatorisk læringsaktivitet
Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta i emnet.
- Godkjent deltaking, minimum 80% knytt til læringsutbytte: reflektere fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til barns utvikling, leik, læring, omsorg og danning.
- Ein individuell læringsaktivitet knytt til pedagogisk leiing og observasjon
- Ein læringsaktivitet i grupper knytt til barns utvikling, leik og læring.
Obligatoriske læringsaktivitetar blir nærmare presisert ved semesterstart.
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, får studenten éin (1) moglegheit til ny innlevering/gjennomføring innanfor ordinært studieforløp for emnet. Nytt forsøk må avviklast innan gitt frist før eksamen.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 3 dagar.
Omfang totalt 2500 - 3000 ord.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BULL101 - Barns utvikling, leik og læring - Reduksjon: 20 studiepoeng
- BLU-BULL - Barns utvikling, leik og læring - Reduksjon: 20 studiepoeng
- ABLU-BULL1 - Barns utvikling, leik og læring 1 - Reduksjon: 20 studiepoeng
- BULLA101 - Barns utvikling, leik og læring - Reduksjon: 20 studiepoeng