Hopp til innhald

ENU801 Engelsk 1, emne 1 - Engelsk språk, litteratur og kultur med fagdidaktikk 1

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Avlyst haust 2023.

Engelsk 1 for 5.-10. trinn består av to emne på 15 studiepoeng: Engelsk 1, emne 1 og Engelsk 1, emne 2. Dette er emne 1.

Emneskildringa for engelsk bygger på Nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning 5.- 10. trinn fastsett av Kunnskapsdepartementet 17. oktober 2018, og gjeldande læreplanverk for engelsk, LK20.

Studiet rettar seg mot lærarar i grunnskulen, på mellom- og ungdomsskuletrinnet, som manglar formell kompetanse i engelsk frå før.

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York. Turen tilbys som en del av undervisningen i dette emnet, men er ikke obligatorisk. Det vil derfor bli tilbudt et alternativt opplegg for de som velger ikke å dra. Reiseutgifter, opphold og kursavgift betales av den enkelte student. Se https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/

Engelsk 1 for 5-10 gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk og gir vidare innføring i eit rikt og variert utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervising på mellom- og ungdomstrinnet. Emnet omfattar kunnskap om det engelske språkets grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eigen språkferdighet, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. Kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling, er sentrale tema. Språket si kulturelle forankring er også ein del av emnet. I tillegg blir det lagt vekt på varierte aktivitetar og oppdaterte metodar for engelskopplæringa i grunnskulen.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte: 

Kunnskapar 

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om lydsystemet i engelsk, ordtilfanget og språket sin grammatiske struktur 
  • har kunnskap om engelsk som verdsspråk og utviklinga av engelsk som kontaktspråk for menneske frå ulike land og kulturar og betydninga for internasjonalisering innan utdanning og arbeidsliv 
  • har kunnskap om samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i utvalde engelsktalande land 
  • har grunnleggande kunnskap om dei unge si språklæring frå eit andrespråksperspektiv samt nokre strategiar og metodar som fremmer språkutvikling 
  • har kjennskap til sjangrar og deira sentrale kjenneteikn, samt normer for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern 
  • har innsikt i arbeidet med å utvikle dei grunnleggande ferdigheitene i engelskfaget 
  • har kjennskap til læreplan for engelskfaget i skulen og forholdet til det europeiske rammeverket for språk 

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan bruke fagkunnskapen didaktisk og reflektert knytt til gjeldande læreplan for trinna 5-10, kritisk vurdere eiga undervising og dele kompetanse i kollegiet 
  • kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt munnleg og skriftleg, tilpassa målgruppa og ulike situasjonar, og vere ein god språkmodell for elevane 
  • kan bruke kunnskapar om engelsk lydlære og grammatikk i rettleiinga av elevar 
  • kan analysere, velje ut og legge til rette for barn og ungdom sitt arbeid med engelskspråklege tekstar i ulike sjangrar 
  • kan utforske levesett, samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i nokre engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur, med hovudvekt på skriftlege, munnlege og samansette tekster for barn 
  • kan legge til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som fremmer djupnelæring, og vidareutviklar dei grunnleggande ferdigheitene for alle elevar, bl.a. ved pedagogisk bruk av digitale læringsverktøy. 
  • kan bruke digitale verktøy i arbeidet med å fremja språklæring og formidling av fagstoff 

Generell kompetanse 

Studenten

  • har god kompetanse i engelsk 
  • kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk 
  • kan reflektere over si rolle som engelsklærar med omsyn til etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for born og unge sin personlege vekst og faglege utvikling 
  • kan identifisere problem knytt til elevar si læring og utvikling i engelskfaget 
  • kan vedlikehalda og utvikla eigen språkleg og didaktiske kompetanse og bidra til fagleg utvikling og nytenking 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet omfattar ei rekke teknikkar for språklæring og arbeid med eit framandspråk, mellom anna gjennom bruk av informasjonsteknologi. Det blir gitt innføring i skriveteknikkar på engelsk, inkludert krav til skriftleg framstilling. Arbeidsmåtar vil vera oversiktsførelesingar i kombinasjon med drøfting av stoffet, gruppearbeid (både i par og større grupper), individuelt arbeid, prosjektarbeid og framføringar. Studentane vil få erfaring i arbeidsmåtar som kan nyttast i grunnskulen. Det vert forventa at studentane deltek aktivt i undervisinga.   

Studiet er nett- og samlingsbasert. Canvas vert nytta som kommunikasjonssystem. Her blir det lagt ut leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav. I tillegg vil det vera tre samlingar som går over to dagar per semester ved Høgskulen på Vestlandet. Samlingane er på dagtid i vekedagar. Studiet krev ein god del sjølvstendig arbeid, og undervisinga legg til grunn at studentane møter førebudde.  

All undervising i faget er på engelsk, og øvingsaspektet er helt sentralt i studentane sitt arbeid med faget. Det som vert formidla i undervisinga, kan komma i tillegg til det som står på pensumlista, og blir rekna som pensum. Ikkje alle tekstane på pensumlista vil bli gjennomgått. Deler av pensumet i dei enkelte emna må derfor lesast som sjølvstudium. 

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Ei språkoppgåve 
  • Eit litterært essay 

Det vil bli gitt retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent dei obligatoriske læringsaktivitetane kan få eitt nytt forsøk undervegs i studieåret, men maksimalt to forsøk per semester.  

Godkjente læringsaktivitetar er gyldige i tre påfølgjande semester. 

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutt.  

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel