ENU802 Engelsk 1, emne 2 - Engelsk språk, litteratur og kultur med fagdidaktikk 2
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Avlyst vår 2024.
Engelsk 1 for 5.-10. trinn består av to emne på 15 studiepoeng: Engelsk 1, emne 1 og Engelsk 1, emne 2. Dette er emne 2.
Emneskildringa for engelsk bygger på Nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning 5.- 10. trinn fastsett av Kunnskapsdepartementet 17. oktober 2018, og gjeldande læreplanverk for engelsk, LK20. Studiet rettar seg mot lærarar i grunnskulen, på mellom- og ungdomsskuletrinnet, som manglar formell kompetanse i engelsk frå før.
I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York. Turen tilbys som en del av undervisningen i dette emnet, men er ikke obligatorisk. Det vil derfor bli tilbudt et alternativt opplegg for de som velger ikke å dra. Reiseutgifter, opphold og kursavgift betales av den enkelte student. Se https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/
Engelsk 1 for 5-10 gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk og gir vidare innføring i eit rikt og variert utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervising på mellom- og ungdomstrinnet. Emnet omfattar kunnskap om det engelske språkets grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eigen språkferdighet, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. Det som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling, er sentrale tema. Språket si kulturelle forankring er også ein del av emnet. I tillegg blir det lagt vekt på varierte aktivitetar og oppdaterte metodar for engelskopplæringa i grunnskulen.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har god kunnskap om lydsystemet i engelsk, ordtilfanget og språket sin grammatiske struktur samt innsikt i kulturelle konvensjonar for språkbruk
- har kunnskap om engelsk som verdsspråk og utviklinga av engelsk si rolle som kontaktspråk for menneske frå ulike land og kulturar og betydninga språket har for internasjonalisering innan utdanning og arbeidsliv
- har kunnskap om samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i utvalde engelsktalande land
- har kunnskap om og forståing for det fleirkulturelle samfunnet
- har kjennskap til sjangrar og deira sentrale kjenneteikn, samt normer for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
- har god innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggande ferdigheitene i engelskfaget og legge til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomstrinn, samt legge til rette for aktivitetar som fremmar djupnelæring
- har kunnskap om språklæringsteoriar samt strategiar, metodar, vurderingsverktøy og vurderingsformer som fremmer språkutvikling, inkludert kunnskap om nasjonale prøvar og kartleggingsverktøy
- har kjennskap til læreplan for engelskfaget i skulen og forholdet til det europeiske rammeverket for språk
- har kjennskap til læringsressursar som kan brukast i opplæringa, samt ulike læringsarenaer, eksempelvis digitale media.
Ferdigheiter
Studenten
- kan snakke engelsk sikkert og funksjonelt og vere ein god språkmodell for elevane
- kan skrive engelsk sikkert og funksjonelt og vere ein god språkmodell for elevane
- kan rettleie elevar i deira språkutvikling gjennom å gjere dei bevisst på korleis språket er bygd opp, slik at dei kan gjere seg nytte av forskjellar og likskapar mellom morsmålet og engelsk
- kan analysere, velje ut og legge til rette for arbeid med engelskspråkleg litteratur for barn og ungdom, samt nytte eit presist og tilpassa omgrepsapparat i arbeidet med tekst
- kan legge til rette for elevar sitt arbeid med utforsking av levesett, samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i utvalde engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur, med hovudvekt på skriftlege, munnlege og samansette tekstar for barn
- kan nytte fagkunnskapen didaktisk og reflektert i forhold til gjeldande læreplan for grunnskulen og kritisk vurdere eigen undervising
- kan planlegge, leie og vurdere elevar sitt læringsarbeid på ein måte som tar omsyn til mangfaldet i elevgruppa når det gjeld ulike behov og ulik kulturell og språkleg bakgrunn
- kan legge til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid forankra i teori og eigen erfaring, som fremmer djupnelæring og vidareutviklar dei grunnleggande ferdigheitene for alle elevar og aktivt gjer nytte av elevane sine erfaringar med engelsk
- kan utøve ein heilskapleg vurderingspraksis og grunngje vurderingane, og legge til rette for elevane si sjølvstendige språklæring ved å bevisstgjere dei i val av læringsstrategiar
- kan kritisk vurdere og bruke eigna lærebøker og andre læremidlar
- kan bruke digitale læringskjelder og verktøy på ein kritisk måte i eigen kunnskapsutvikling og i pedagogisk arbeid med elevar.
Generell kompetanse
Studenten
- har god kompetanse i engelsk
- kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk
- kan reflektere over si rolle som engelsklærar med omsyn til etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for born og unge sin personlege vekst faglege utvikling
- kan identifisere problem knytt til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- kan vedlikehalda og utvikla eigen språkleg og didaktiske kompetanse og bidra til fagleg utvikling og nytenking.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Engelsk 1, emne 1
Undervisnings- og læringsformer
Emnet omfattar ei rekke teknikkar for språklæring og arbeid med eit framandspråk, mellom anna gjennom bruk av informasjonsteknologi. Det blir gitt innføring i skriveteknikkar på engelsk, inkludert krav til skriftleg framstilling. Arbeidsmåtar vil vera oversiktsførelesingar i kombinasjon med drøfting av stoffet, gruppearbeid (både i par og større grupper), individuelt arbeid, prosjektarbeid og framføringar. Studentane vil få erfaring i arbeidsmåtar som kan nyttast i grunnskulen. Det vert forventa at studentane deltek aktivt i undervisinga.
Studiet er nett- og samlingsbasert. Canvas vert nytta som kommunikasjonssystem. Her blir det lagt ut leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav. I tillegg vil det vera tre samlingar som går over to dagar per semester ved Høgskulen på Vestlandet. Samlingane er på dagtid i vekedagar. Studiet krev ein god del sjølvstendig arbeid, og undervisinga legg til grunn at studentane møter førebudde.
All undervising i faget er på engelsk, og øvingsaspektet er helt sentralt i studentane sitt arbeid med faget. Det som vert formidla i undervisinga, kan komma i tillegg til det som står på pensumlista, og blir rekna som pensum. Ikkje alle tekstane på pensumlista vil bli gjennomgått. Deler av pensumet i dei enkelte emna må derfor lesast som sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Ei oppgåve i språkemne
- Klasseromsretta didaktisk prosjekt i barne- og ungdomslitteratur
Det vert gitt retningslinjer for kvar læringsaktivitet, og det vil bli informert om rettleiing og faglege krav.
Det er eit krav at digitale verktøy vert nytta i tilknyting til minst ein av læringsaktivitetane.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen. Studentar som ikkje består dei obligatoriske læringsaktivitetane, kan få eitt nytt forsøk undervegs i studieåret, men maksimalt to forsøk per semester.
Godkjent læringsaktivitet er gyldig i tre påfølgjande semester.
Vurderingsform
Del 1: Skuleeksamen (fokus på språk og didaktikk), 3 timar. Tel 50 % av endeleg karakter.
Del 2: Oppgåve (fokus på litteratur, kultur og didaktikk), 2000 ord. Tel 50 % av endeleg karakter.
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått takast opp att åleine.
Dersom oppgåva (del 2) ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
- Skuleeksamen: Ingen hjelpemiddel.
- Oppgåve: Alle hjelpemiddel er tillate.