Hopp til innhald

GE4-305 Overvaking av ustabile fjellsider

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Undervisninga er frå måndag til fredag i den siste veka i mai eller første veka i juni i Sogndal på HVL. Denne undervisningsveka er obligatorisk, og inneheld førelesingar, feltbesøk og oppgåveløysing. Ein av dagane vil me gå opp til det ustabile fjellpartiet ‘Stampa’ – Joasetebergi eller Stiksmoen, mellom Aurland og Flåm, i lag med geologar frå NVE, for å undersøkja geologien og instrumenta som måler bevegelsen i fjellsida. Studentane skal etterpå arbeida med ulike datasett som er samla inn med desse instrumenta på Stampa, eller datasett frå andre ustabile fjellsider i Noreg som vert overvaka. På fredag skal studentane presentera oppgåva munnleg. Alternativt kan oppgåva ta føre seg eit ustabilt fjellparti i Noreg som pr. i dag ikkje er overvaka, og laga eit oppsett/forslag for eit overvakingssystem for dette fjellpartiet.

I førelesingane vert studentane introduserte for dei ustabile fjellsidene i Noreg som er overvaka. I pensum inngår også eksempel på ustabile fjellsider frå andre stader i verda. Geologar frå NVE vil gi fleire av førelesingane.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane skal få god innsikt i dei geologiske forholda og modellane som kan beskriva bevegelsen til fjellpartia. Studentane skal få kunnskap og innsikt om dei ulike typane av instrument som vert brukt til å overvake slike fjellsider som satellitt, radar, tiltmeter, extensometer, laser, totalstasjon, DGPS-nettverk og boreholsinstrumentering.

Ferdigheiter

Students skal vera i stand til å tolka data innsamla med ulike typar instrument og forstå kvaliteten på datamateriale når det gjeld nøyaktigheit og presisjons, og kva vekt ulike feilkjelder skal ha i tolkinga.

Generelle kvalifikasjonar

Studentane skal etter kurset kunna tolka kart /DEMs/flyfoto for å lokalisera ustabile fjellsider og kunna planleggja eit tenleg overvakingssystem basert på bevegelsen (type instrument, plassering etc.).

Tilrådde forkunnskapar

Strukturgeologi, anvendt geofysikk, mineralogi og petrologi, geologisk kartlegging.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på førelesingane, feltbesøket og oppgåveløysinga med påfølgjande presentasjon.

Vurderingsform

Eksamen er delt i to. Del A er å skriva ein populærfagleg artikkel. Den skal utgjera 30 % av karakteren. Artikkelen skal lastast opp på Canvas eller tilsvarande innan ein gitt dato (ca. 20. august). Del B er ein skriftleg eksamen, digital heimeeksamen, 4 timar (ca. 25 august-10. september), som utgjer 70 % av karakteren.

Del A: Frå eit utval av fagartiklar på pensumlista, eller som er bestemt av faglæraren, skal studenten velja ein artikkel og skriva ein populærfagleg artikkel om forskinga og resultata i fagartikkelen. Krava til artikkelen er at den skal ha ein tittel, ingress på 1-2 setningar og ein hovuddel organisert i avsnitt. Innhaldet og språket skal passa til eit breitt utval av lesarar. Artikkelen skal vera retta mot ikkje-ekspertar, men som har ein god og brei utdanning. Font Calibri 11, lengda skal vera mellom 4500 og 6000 teikn med mellomrom, på norsk.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillatt

Meir om hjelpemiddel