GE408 Mineralogi og petrografi
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei innføring i grunnleggjande krystallografi, og går meir detaljert inn på mineralstruktur og mineralkjemi. Emnet tar for seg systematisk mineralogi og mineralgenese, dei fysiske eigeskap til mineral og korleis ein nyttar desse til systematisk mineralidentifikasjon. Petrografidelen set fokus på mineralogisk klassifikasjon av magmatiske og metamorfe bergartar, ein mineralogisk/kjemisk klassifikasjon av magmatiske bergartar, samt ein klassifikasjon av dei vanlegaste sedimentære bergartar. Spesiell vekt leggjast på samansetjing og identifikasjon av bergartane som finnast i regionen Sogn og Fjordane i Vestland fylket, makroskopisk ved hjelp av handstykker og lupe, og mikroskopisk ved tynnslip.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studentane skal:
- kunne beskrive og identifisere vanleg førekommande mineral og bergartar i handstykke
- kjenne til ulike identifikasjonsmetodar for mineral og bergartar
- ha kunnskap om danning og førekomst av mineral og bergartar
- kunne utføre mineralogisk klassifikasjon av bergartar.
Ferdigheiter
Studentane skal kunne:
- foreta ein sjølvstendig bestemming av bergartar og mineral i felt
- bekrefte feltanalysen ved hjelp av makroskopiske og mikroskopiske undersøkingar i laboratoriet
Generell kompetanse
Studentane skal ha tilstrekkeleg kunnskap om mineral og bergartar for å kunne gjennomføre ein første identifikasjon i felt og på laboratorium, samt raskt å kunne bygge opp kompetanse innanfor bergarts- og mineralorienterte arbeidsplassar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet bygger på GE406 Geologi grunnkurs
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, øvingar, laboratorium, og to dagar ekskursjon med gruppearbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk skriftleg innleveringsarbeid frå øvingar og laboratorium
- 10 obligatoriske laboratorierapportar frå øvingar i krystallografi og mineralogi
- Basis for innlevering (ikke obligatorisk):
- 4 timar krystallografi
- 6 timar mineralogi og mineralkjemi
- Basis for innlevering (ikke obligatorisk):
- 1 obligatorisk laboratorierapport frå øving i petrografi
- Basis for innlevering (ikke obligatorisk)
- 14 timar bergartsbestemmelse og bergartsklassifikasjon på laboratorium og i mikroskop
- 4 timar gruppearbeid for utarbeiding av ekskursjonsguide
- Basis for innlevering (ikke obligatorisk)
Muntleg gruppe-presentasjon; obligatorisk
- 15 minutt muntleg presentasjon av bergartene på gruppenes ekskursjonsmål omtalt i ekskursjonsguiden
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar
Bokstavkarakter A-F, der F svarar til ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Ikkje-programmerbar lommekalkulator, fargeblyantar, linjal, viskelær.
Meir om hjelpemiddel