GE448 Snø og snøskred
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kursinnhald er delt inn i tre modular: (1) prosesser i snødekke, (2) danning av snøskred og (3) evaluering og reduksjon av skredfaren. I den første modulen følger studentane snøen på veg frå atmosfæren til bakken med fokus på prosesser som fører til danning av lag i snødekke. I felt graver studentane snøprofiler og lærer å skilje lag i snøen med omsyn til kornstorleik, kornform, hardheit, tettheit og fuktegheit. I den andre modulen jobbar studentane med fysikken bak stabilitet og ustabilitet i snødekke, inkludert snømekanikk og bruddmekanikk. På ein til to feltdagar evaluerer studentane ustabilitet og romleg variabilitet gjennom ein rekke stabilitets- og skjærprøver. I den tredje og siste modulen blir studentane kjent med risikoakseptmodellen, skredvarsel, sikringstiltak, kartlegging av faresone inkludert snøskreddynamikk og modellering. Studentane får sjå eksemplar på risikoaksept og sikringstiltak på ein dagsekskursjon.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studentane vil ha:
- kunnskap om korleis vêr og klima påverkar snøfordeling, frå småskala til fjellkjede-skala.
- innsikt i de fysiske prosessane som fører til danning av snø i atmosfæren og omdanning av snø på bakken.
- kunnskap om ulike typar snøskred og skreddannings-prosessar
- kunnskap om skredfareanalyse, skadeavgrensing og førebygging
Ferdigheiter
Studentane kan:
- beskrive eit snøprofil i felt og skilje lag i snøen i høve kornstorleik, kornform, hardheit, tettheit og fuktegheit
- vurdere stabiliteten av snødekket ved hjelp av ulike stabilitets- og skjærprøver i felt
- vurdere en snøskredhending med omsyn til dei underliggande fysiske prosessane på små- og storskala
- identifisere skredterreng og skredløp ved hjelp av ulike kartkjelder og/eller i felt
- estimere og bedømme kritisk utløpslengde beregnet med empirisk-statistiske og dynamiske modeller
- identifisere og utnytte relevant forskingsresultat frå vitskapelege tidsskrift
Generell kompetanse
Studentane kjem til å:
- ha ein forståing av dei store tema, fakta og problemstillingar knytt til danning av snødekke og snøskred samt skredfarevurdering, skadeavgrensing og førebygging
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
FY400 Fysikk
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, gruppearbeid og 3-4 dagar med feltpraksis.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking i feltarbeid (3-4 dagar)
- Innlevering av feltobservasjoner frå feltdagane i RegObs
- Presentasjon på ein av feltdagane
- Diskusjon av 2 vitskapelege artiklar
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Bokstavkarakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator
Ordbok på studenten sitt morsmål
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- GE4-303 - Snø og snøskred - Reduksjon: 10 studiepoeng