HSPED802 Fagdidaktisk fordjuping i høgskulepedagogikk
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet består av eit sett 20 timars modular der deltakarane vel 5 modular slik dei sjølv vil. Modulane er ei fordjuping i tema som kan knytast til i Innføringsemnet HSPED801. Dei fagdidaktiske modulane vert gjort tilgjengeleg for påmelding undervegs i studieåret.
For dei som skal dokumentere si utdanningsfaglege kompetanse er det tilrådd å velje modulen knytt til skriving av pedagogisk mappe. Der får deltakarane rettleiing på utvikling av ei pedagogisk mappe som er ein del av søknad om opprykk til fyrsteamanuensis og professor.
Læringsutbytte
Gjennom å delta på fem modular skal deltakarane ha
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om ulike didaktiske metodar å planleggje og gjennomføre undervisning på
Ferdigheit
Studenten
- skal kunne velje, grunngje og vidareutvikle hensiktsmessige læringsaktivitetar i høve til faglege mål og utdanningsprogram
Generell kompetanse
Studenten
- kunne bidra til fagleg og pedagogisk nyskaping
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Innføringsemnet i høgskulepedagogikk
Undervisnings- og læringsformer
Studentaktive læringsformer som diskusjon, gruppearbeid og kollegarettleiing, førelesing og sjølvstudium, digitale læringsressursar og fysiske og nettbaserte samlingar
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking på modular, totalt 100 timar
Vurderingsform
Oppgåve, 5 modular.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel