MAS170 Sirkulærøkonomi
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Sirkulærøkonomi er eit vesentleg tema innan bærekraftstankegang og det er eit viktig ingeniøremne. I dette kurset vil studenten styrke si forståing av omgrepet sirkulærøkonomi, frå den tidlege fasen på 70 talet og fram til dagens forståing. Det har vore ei stor utvikling her og forskinga har skutt fart dei siste åra. Studentane vert introduserte for dei viktigaste modellane, verktøya og teoriane innan feltet. Sentrale tema i emnet er sirkulærøkonomi, sirkulær logistikk, sirkulærforsyningsleiing og sirkulære innkjøp.
Læringsutbytte
Ved fullført emne har studenten føljande læringsutbyte:
Kunnskapar
Studenten …
- kjenner til innhaldet i sirkulærøkonomi og tankegodset som ligg til grunn for dette.
- har kunnskap om sirkulære prosessar og forretningsmodellar som tek omsyn til sirkulære metodar.
- er kjend med miljø og bærekraftstankegong relatert til ein ingeniør sitt arbeid.
- kjenner til sirkulære innkjøp, sirkulær logistikk og sirkulærforsyningsleiing
Ferdigheiter
Studenten…
- kan nytte ulike metodar og teknikkar for heilskapleg vurdering av berekraftige/sirkulære ingeniørprosessar.
- kan anvende sirkulær tankegang inn i arbeidet med ulike problemstillingar.
- kan nytte generell relevant programvare til visualisering og modellering av berekraftige system.
Generell kompetanse
Studenten…
- kan kommunisere med andre ingeniørar om sirkulærøkonomi og berekraft i teknologiske prosjekt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing, gjesteførelesing, sjølvstudium, ekskursjonar og øvingar. Studentane arbeider med semesteroppgåve gruppevis gjennomsemesteret som ein del av "Aksjon for berekraft".
"Aksjon for berekraft" er ein praktisk ekskursjon planlagd saman med berekraftskoordinatoren ved HVL der ein anten ser på eit anlegg eller deltek for eksempel med å plukke plast i naturen og sørge for at det kjem inn att i kretsløpet. Innhald i aksjonen vil variere frå år til år.
Obligatorisk læringsaktivitet
Aksjon for berekraft er obligatorisk
Vurderingsform
Semesteroppgåve med justerande munnleg eksamen. Eksamen er ein gruppeeksamen.
Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.
Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong.
Hjelpemiddel ved eksamen
For semesteroppgåve er alle hjelpemidlar tilgjengeleg
Ved munnleg eksamen vert det ingen hjelpemidlar
Meir om hjelpemiddel