MDIP501C Globalisering og utdanning
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Studiet skal gi ei fordjupa fagleg forståing av globaliseringsprosessar og setja studentane i stand til drøfta globaliseringsproblem på høgt fagleg nivå. Det blir fokusert på verknader av globalisering på ulike nivå og i ulike kontekstar, og spesielt korleis globaliseringa stiller utdanningssystemet ovanfor nye utfordringar, også når det gjeld praktisk fagdidaktisk arbeid. Vidare blir det sett kritisk søkelys på samanhengen mellom utvikling og utdanning, kjønn og utdanning, samt regionale utfordringar for utdanningssystem.
Sentrale undervisningsemne:
- Globalisering
- Utdanning og utvikling
- Utdanning og kjønn
- Utdanning og religion
- Regionale utfordringar for utdanning i ei global verd.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har avanserte kunnskapar om globaliseringsprosessar med vekt på politiske, kulturelle, sosiale og økonomiske sider
- har god kjennskap til relasjonen mellom globalisering og utdanning
- har god kjennskap til utviklingsteori og skiftande samanheng mellom utvikling og utdanning
- har god kjennskap til problem knytt til kjønn innan utdanning
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere fagstoffet og bruke det som teoretisk ramme i masteroppgåva
- kan drøfte ulike konsekvensar av globalisering, særleg i eit afrikansk perspektiv
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere kring didaktiske implikasjonar av fagstoffet
- kan kritisk vurdere korleis globale prosessar påverkar utdanning og utdanningas rolle i eit samfunn
- kjenner til overordna perspektiv på globalisering, og kan vurdera og drøfta ulike faglege tilnærmingar kritisk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kjennskap til globalisering, utviklingsteori og internasjonal politikk er ein føremon.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli lagt opp med samlingar, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Det vert sett krav til aktiv deltaking frå studentane i form av lesing, arbeid med tekstar og framlegg. Arbeidsformene legg stor vekt på problematisering, kritisk refleksjon og diskusjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ein munnleg, individuell presentasjon som tar utgangspunkt i ein fagtekst frå leselista til emnet, og eit skriftleg arbeid.
Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent eitt eller fleire obligatoriske læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativt obligatorisk læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningsliner for obligatorisk læringsaktivitetar,gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 5 dagar. Studenten skal skrive ei oppgåve på om lag 3000-3500 ord.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel