MDIP502D Fleirspråklegheit i teori og praksis
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet rettar søkelyset mot språklege praksisar i den fleirspråklege kvardagen i ulike språklege rom: i familien, i klasserommet, på nettet, i sosiale medium, i kulturutrykk og skjønnlitteratur og i det språklege landskapet i offentlege rom. I emnet vil du møte ulike døme på korleis ein har studert fleirspråklege praksisformer i ulike kontekstar, og ulike relevante teoretiske tilnærmingar frå sosiolingvistikk, språkskifteforsking, språkdidaktikk, fleirspråkleg undervising og fleirspråklegheitsforsking. Emnet gir ei djupare forståing av korleis politiske og strukturelle rammer og sosiale normer i og utanfor klasserommet legg vilkår for elevar sine språklege praksis og identitetsuttrykk. Sentrale spørsmål i forlenginga av dette, er korleis læraren kan hjelpe elevar til å bygge bru mellom kjent og ny kunnskap og språk, korleis skulen kan støtte og styrke den fleirspråklege identiteten til elevane, og slik legge til rette for at elevane får bruke og dra nytte av heile det språklege repertoaret sitt på skulen.
Sentrale undervisningsemne:
- Teoretiske perspektiv på ulike aspekt ved fleirspråklege praksisar
- Språkpolitikk og politiske rammer for språklege praksismønster
- Sentrale omgrep som transspråking, kodeskifte og språkleg identitet
- Analyse av fleirspråkleg praksis gjennom eit variert utval av historiske og notidige "case" både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kjennskap til sentrale omgrep som transspråking, kodeskifte, språkleg identitet
- har gode kunnskapar om eit utval konkrete forskningsstudiar av fleirspråkleg praksis
- har inngåande kunnskapar om fleirspråklegheit som ressurs
- har avansert kunnskap om didaktiske tilnærmingar for å utvikle og støtte fleirspråklegheit
- har gode kunnskapar om ressursar som kan brukast for å utvikle og støtte fleirspråklegheit i klasserommet
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte sentrale omgrep og teoriar til å analysere døme på fleirspråklege praksisformer i didaktiske, digitale og andre samfunnsmessige kontekstar
- kan nytte kunnskap om fleirspråklegheit som ressurs i undervisning
- kan nytte eksisterande ressursar for å utvikle og støtte fleirspråklegheit i klasserommet
- kan presentere og diskutere fagstoffet munnleg og skriftleg
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere kring kva rolle fleirspråklegheit og fleirspråklege praksisformer spelar i undervisning, politikk og den ålmenne samfunnsdebatten
- kan reflektere og vere medviten om tydinga språk har for identitet, inkludering og ekskludering i eit elevperspektiv
- kan nytte kunnskapen om fleirspråkleg praksis til å utvikle nye problemstillingar og perspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli lagt opp med samlingar, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Det vert sett krav til aktiv deltaking frå studentane i form av innlegg på seminar. Arbeidsformene legg stor vekt på problematisering, kritisk refleksjon og diskusjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt skriftleg arbeid på omlag 4 sider (ca. 1600 ord). I arbeidet med teksten skal studenten levere eit utkast til ei (1) obligatorisk rettleiing.
Den obligatoriske læringsaktiviteten må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Godkjende arbeid er gyldige i to påfølgande semester etter godkjenninga. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningsliner for arbeidskravet gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Munnleg eksamen på inntil 45 min. Til grunn for den munnlege prøva ligg pensum og det skriftlege arbeidskravet.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel