ME6-501 Forskingsdesign og metode
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet gir innføring i korleis kunnskap blir utvikla gjennom forsking og dannar bakgrunn for arbeidet med masteroppgåva. Emnet omhandlar vitskapsteori, forskingsdesign, samfunnsvitskaplege metodar og utvikling av prosjektskisse. Emnet gir oversyn over sentrale vitskapsteoretiske tilnærmingar og kva forståing desse gir for kunnskapsproduksjon. Emnet fokuserer på å lære studenten å gjennomføre ein litteraturgjennomgang av forsking på felt som er sentrale for masteroppgåva. Emnet gir kunnskap om dei ulike fasane i ein forskingsprosess og ulike typar forskingsdesign. Det blir lagt vekt på både kvalitative og kvantitative strategiar for å samle inn forskingsdata. Ulike tilnærmingar til analyse av innsamla datamateriale inngår i emnet.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
- Kunnskap om sentrale tema og tilnærmingsmåtar i vitskapsfilosofien.
- Eit breitt vitskapsteoretisk og metodisk grunnlag for å studere endringar knytt til organisering, styring, innovasjon og omstilling i utdanningssektoren eller i helse- og velferdssektoren.
- Inngåande kunnskap om design av forskingsprosjekt og kvalitative og kvantitative metodiske tilnærmingar.
- Avansert kunnskap om tilhøvet mellom teori, design og metodeval.
- Særskild godt innsyn i korleis vitskaplege problemstillingar med relevans for leiing og organisering kan analyserast i lys av kontekstuelle faktorar.
Ferdigheiter
- Gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt med kjennskap til dei ulike fasane i forskinga og korleis dette kan presenterast i ei masteroppgåve.
- Utvikle problemstilling med relevans for å studere eit aktuelt samfunnsfenomen.
- Utarbeide eit litteraturoversyn med relevans for problemstilling.
- Vurdere relevansen av ulike teoriar for ei problemstilling.
- Vere i stand til å gjere greie for ulike forskingsdesign og velje design og relevant metode for eit forskingsprosjekt.
- Vurdere validitet, reliabilitet og etiske spørsmål i eit prosjekt.
- Ha ei inngåande forståing av korleis det empiriske datamaterialet kan analyserast i lys av teori og sjåast på i lys av kontekstuelle faktorar og annan forsking på feltet.
Generell kompetanse
- Bruke kunnskapar og ferdigheiter i avansert oppgåveløysing i eigen organisasjon eller sektor.
- Formidle forsking som er relevant.
- Kommunisere til omverda og relevante fagmiljø om faglege problemstillinger og om utforminga av prosjekt.
- Bidra til nytenkning og innovasjon i eigen organisasjon gjennom tileigna kunnskap.
Krav til forkunnskapar
Studentar på studieretninga utdanningsleiing må ha bestått følgjande emne for å kunne melde seg opp til ME6-501 Forskningsdesign og metode: OR6-403 Ledelse og endring i organisasjoner, SA6-406 Leiing av pedagogisk virksomhet, JU6-404 Jus for offentlig ledelse, SØ6-402 Offentlig økonomiforvaltning.
Studentar på studieretninga helse- og velferdsleiing må ha bestått følgjande emne for å kunne melde seg opp til ME6-501 Forskningsdesign og metode: OR6-403 Ledelse og endring i organisasjoner, SA6-405 Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar, JU6-404 Jus for offentlig ledelse, SØ6-402 Offentlig økonomiforvaltning.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, øvingsoppgåver og gjennomgang av døme på forskingsprosjekt. Framlegging og rettleiing av arbeidskrav i grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fire obligatoriske innleveringar som gradvis byggjer opp ei prosjektskisse/semesteroppgåve (som utgjer vurderinga i faget).
Tre obligatoriske gruppeseminar.
Vurderingsform
Semesteroppgåve
Oppgåva skal utformast som ei prosjektskisse for masteroppgåva. Prosjektskissa kan leverast som ei individuell oppgåve eller som samskriving av to studentar. Rettleiande omfang:
- 6 000 - 7 000 ord ved individuell prosjektskisse.
- 8 000 - 9 000 ord ved samskriving av to studentar.
Endeleg dato for innlevering vert gjort kjend av faglærar.
Bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".
Ved stryk eller gyldig fråvær kan omarbeidd tekst bli levert inn til ny vurdering i det påfølgjande semesteret. Ved ynskje om forbetring av karakteren kan omarbeidd tekst bli levert inn neste gong ordinær eksamen vert arrangert (neste vår). Kandidaten melder seg til vurdering i emnet igjen innanfor dei sette fristane for vurderingsmelding.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel