Hopp til innhald

MGBKØ503 Kroppsøving 3, emne 3 - Teori og forsking i kroppsøving og profesjonsutvikling

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet inneber fordjuping innan utvalde tema og problemstillingar relevante for å utvikla studenten som sjølvstendig profesjonsutøvar og bidragsytar til kroppsøvingsfagleg forsking og utvikling.

Emnet kan settast saman på ulike måtar ut frå tema og problemstillingar som er sentrale for å forstå og utvikla lærarprofesjonalitet og kroppsøving som fag. Sentralt er å setja studentane sjølve istand til å utvikla kunnskapar om lærarpraksis, undervising, inkludering og læring i kroppsøving og korleis teori, forsking og utviklingsarbeid bidreg til denne kunnskapen.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngående forståing om sjølvvalde tema og problemstillingar i kroppsøvingsfaget
  • har innsikt i utviklinga av si rolle som profesjonell yrkesutøvar
  • har inngåande kunnskap om lærarprofesjon i forhold til sjølvvald tema og problemstilling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysera kroppsøvingsfaglege problemstillingar basert på kunnskap om kroppsøvingsfaget sin eigenart, verdigrunnlag, historie og gjeldande læreplanar
  • kan planlegga, gjennomføra og vurdera utforskande undervising i kroppsøving med tanke på fagleg og pedagogisk utvikling
  • kan bruke ulike teoretiske perspektiv i analyse av kroppsøving, lærarpraksis og utvikling av profesjonsidentitet og profesjonsfellesskap
  • kan anvenda nasjonal og internasjonal forskning med tanke på fagleg utvikling knytt til eige prosjekt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bidra til profesjonsutvikling og til utvikling av fagleg fellesskap på den enkelte skule
  • kan bidra til forsking og utviklingsarbeid som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i kroppsøving

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kroppsøving 60 studiepoeng i syklus 1 gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Læringsmappe.

Læringsmappe er ei samling tekstar og/eller andre arbeid som studenten har produsert gjennom emnet. Samlinga dokumenterer prosess og/eller produkt, og skal vise studenten sine sjølvstendige faglege refleksjonar og utvikling i kompetanse.

Læringsmappa skal bestå av fire element:

  • Pedagogisk credo med refleksjonar knytt til lærarprofesjonalitet
  • Eit utviklingsarbeid knytt til undervising i kroppsøving
  • Fagleg samtale på omlag 30 minutt om sjølvvald tematikk (podcast/video/intervju)
  • Prosjektskisse for masterprosjekt

Studentar som ikkje har levert tekstar og/eller anna arbeid innan fastsette fristar, får ikkje levere vurderingsmappe, og alle elementa i læringsmappa må vere vurderte til godkjent for at studenten skal få levere vurderingsmappa.

Vurderingsform

Mappevurdering.

Vurderingsmappa skal bestå av:

  1. Pedagogisk credo, utviklingsarbeid eller fagleg samtale. Studenten vel sjølv kva for ei av dei tre arbeida som skal inngå i vurderingsmappa
  2. Prosjektskisse for masterprosjekt
  3. Ein refleksjonstekst på 700 ord (+/- 10 %), der studenten grunngjer val av tekst/eller anna arbeid til vurderingsmappa. Refleksjonsteksten inngår i vurderingsmappa saman med dei valde tekstane.

Arbeida kan vere revidert etter tilbakemelding gjeve ved levering i læringsmappa.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel