MGBKH101 Kunst og handverk 1, emne 1 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 1
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kunst og handverk 1 emne 1 gir ei innføring i kunst, design og arkitektur. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og ulike slags medium knytt til begynnaropplæring i gjeldande læreplan for 1.-7. trinn i grunnskulen. Emnet vektlegg arbeid med handverk, materiale, verktøy og teknikkar. Leik, ferdigheitstrening og utforsking står sentralt. Materiale, farger, former og digitale uttrykk tilarbeidast med metodar og verktøy tilpassa 1.- 7. trinn. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Den førebur studenten på yrke med praktiske øvingar relatert til faget sine vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane i deira skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer eleven si faglege utvikling.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen).
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om relevante materialer, teknikkar, verktøy og estetiske verkemiddel
- kjenner til mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
- har kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosessar, oppleving, leik og kreativitet
- har kunnskap om forholda mellom natur, kulturelle uttrykksformer, verdisyn, kvalitet og etikk
- kjenner til gjeldande regler om opphavsrett, personvern og kjeldekritikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan i eigne skapande prosessar bruke skisser som metode/verktøy i arbeid med utprøvingar, idear, idear, dokumentasjon og vurdering
- kan formidle mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
- kan bruke og vedlikehalde relevante handverktøy, samt kjenner til korleis ein ivaretek arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstadane (HMS-rutinar)
- kan anvende teikning som språkform og som verktøy i skissearbeid
- kan planlegge og gjennomføre undervisning, og legge til rette for tilpassa opplæring for alle elevar i 1. - 7. trinn
- kan anvende digitale læringsressursar til innhenting og formidling av fagstoff
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over fagets eigenart i forhold til grunnleggande ferdigheiter
- kan reflektere over korleis skapande arbeid med materialer utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
- kjenner til arbeidsformer og tema bidreg til bærekraftig bruk av materialar og verktøy
- har kunnskap om korleis elevmangfald kan nyttast som utgangspunkt for tilpassa opplæring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Workshop
- Seminar
- Fagdagar
- Prosjektarbeid
- Praktisk arbeid i verkstadane
- Munnlege og skriftlege oppgåver
- Ekskursjonar/studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre obligatoriske læringsaktivitetar i form av:
- deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar
- eit munnleg framlegg i gruppe
- ei skriftleg individuell oppgåve
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på eit av dei obligatoriske læringsaktivitetane, kan den aktuelle obligatoriske læringsaktiviteten takast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.
Vurderingsform
Mappevurdering
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Mappa består av:
- 3 - 4 praktiske arbeid med prosessdokumentasjon og fagdidaktisk refleksjon som skal presenterast i ei eksamensutstilling.
Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel