MGBMU201 Musikk 1, emne 2 - Eleven og den musikkulturelle konteksten
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
MGBMU201 Musikk 1, emne 2 - er ein del av Musikk 1, for GLU 1.-7. trinn.
Emnet vert undervist som fag 1 i fjerde semester.
Musikk 1, emne 2 byggjer vidare på den utøvande verksemda og formidlinga frå Musikk 1, emne 1.
I emnet vert det lagt vekt på utøvande verksemd, skaping og formidling, der dei ulike delane av musikkfaget i grunnskulen vert integrerte. Det vil difor vere relevant å arbeide med ulike aktivitetar, knytt opp mot kjerneelementa i fagfornyinga (2020), som inneber å utøve, lage og oppleve musikk, og å arbeide med kulturforståing.
Studentane skal vidare arbeide med problemstillingar knytt til digital dømekraft, profesjonsfagleg digital kompetanse, musikkhistorisk medvit, interkulturell kompetanse, norsk og samisk folkemusikk, relevante fagomgrep for grunnskulen, kjønnsmedvit, musikk som oppleving og erfaring, musikk som identitetsmarkør og dei tverrfaglege temaa i grunnskulen.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført dette emnet skal ha følgjande læringsutbytte, definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har forskingsbasert kunnskap om estetiske og kreative læreprosessar knytt til begynnaropplæring i musikk i grunnskulen
- har grunnleggjande kunnskap om og erfaring med musikk og musikalske verkemiddel frå ulike kulturar, sjangrar og historiske epokar, og kan setje dette i samanheng med grunnskulens musikkfag
- har kunnskap om analoge og digitale læringsverktøy for musikkfaget, og kan nytte eit relevant utval av desse i grunnskulen
- har grunnleggjande kunnskap om musikkfaget si historie og rolle i samfunnet og i skulen
Ferdigheiter
Studenten
- kan improvisere og komponere med stemme, musikkinstrument og digitale verktøy
- kan leike til og med musikk, og meistrar eit variert repertoar av songar, rim, regler, songleikar og dansar til bruk i musikkundervisning
- kan utforme enkle musikkarrangement til bruk i musikkundervisning
- kan bruke og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og vurderingsformer som bidreg til tilpassa musikkopplæring
- meistrar ulike innfallsvinklar til begynnaropplæring og progresjon i musikkfaget
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre heilskaplege undervisningsforløp og reflektere over samanhengar mellom mål, innhald og vurderingsformer i musikkfaget
- kan initiere fagleg samarbeid og legge til rette for musikkfagleg læring i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid
- kan ta i bruk musikk som ressurs i arbeid med grunnskulen sine tverrfaglege tema
- har innsikt i vurdering av forsking og utviklingsarbeid innan musikkpedagogisk verksemd
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Musikk 1, emne 1 (MGBMU101). Det er ein fordel å ha grunnleggjande ferdigheiter i song, og spel på akustiske, elektriske og/eller digitale instrument.
Undervisnings- og læringsformer
Praktisk musikalsk og metodisk aktivitet i heil klasse og i mindre grupper, førelesingar og litteraturstudiar - i analoge og digitale format. Studentaktive læringsformer vert vektlagt, og det vert sett krav til at studentane kan arbeide sjølvstendig gjennom øving og eigeninnsats.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar er naudsynt for at studenten skal kunne førebu eller kvalifisere seg til eksamen. Innhaldet i læringsaktivitetane er forankra i emnet sitt læringsutbytte, og læringsaktivitetane krev aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjente før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på ein av læringsaktivitetane, kan ein med faglærar avtale tidspunkt for ny gjennomføring same semester. Dersom ein då ikkje oppfyller krava, kan den aktuelle læringsaktiviteten gjennomførast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane vert vurderte som godkjent/ikkje godkjent.
Obligatoriske læringsaktivitetar i dette emnet:
- Aktiv deltaking på kurs i regi av biblioteket, i akademisk skriving
- Ei skriftleg oppgåve knytt til musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i eit samfunn prega av mangfald.
- Profesjonsfagleg digital kompetanse: Gjennomføre planlagt undervisning med digitale verktøy i praksisperioden, og erfaringsdeling etter praksis.
- I dette emnet blir det normalt gjennomført ein ekskursjon til Ole Bull Akademiet på Voss. Kurs og overnatting er gratis, men studentane må berekne eigenandel for kost og losji (700 kr.), og reisekostnadar t/r kursstad. Studentar som er forhindra frå å delta på det obligatoriske kurset i folkemusikk ved Ole Bull Akademiet, må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid som tilsvarar kursets omfang.
- Obligatoriske læringsaktivitetar i undervisning. Det er obligatorisk deltaking i seminar, ulike formar for ferdigheitstrening og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%.
Retningslinjer for obligatoriske læringsaktivitetar vert publisert i læringsplattform.
Vurderingsform
Praktisk eksamen med individuell vurdering. Planlegge og gjennomføre eit musikkdidaktisk undervisningsopplegg. Varighet inntil 30 minutter.
Innhald og informasjon om gjennomføring: sjå retningslinjer som ligg føre ved eksamenstart.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel