Hopp til innhald

MGBNA201 Naturfag 1, emne 2 - Fysikk og kjemi for grunnskulen

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Naturfag 1 er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Den levande naturen 1
  • Den ikkje-levande naturen 1.

Gjennom Naturfag 1 møter studentane sentrale naturfaglege og naturfagdidaktiske tema som er relevante for undervisning i naturfag i grunnskulen på 1.-7. steg.

Emnet gjev studenten fagleg tryggleik i tema innan fysikk, kjemi og geologi som er sentrale i naturfag for 1.-7. steg. Studenten utviklar ferdigheit og generell kompetanse i å introdusere naturfag for dei yngste elevane. Utvikling av elevar si sansing, oppdagarglede, undring, naturglede og naturfagspråk er ein viktig del av denne kompetansen. Studenten lærer og å legge til rette for utforskande undervisning. Fag og didaktikk vert sett på i samanheng. Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • kan bruke partikkelmodellen til å konkretisere oppbygging og eigenskapar til faste stoff, væsker og gassar og forklare samanhengen mellom faseovergang og energi
  • har kunnskap om namnsetting, oppbygging og eigenskapar til vanlege kjemiske stoff, og kan bruke periodesystemet til å forklare dette
  • har grunnleggande kunnskap om kjemiske reaksjonar på makro-, mikro og representasjonsnivå
  • har kunnskap om bruk av ulike typar modelar for å forklare og konkretisere fenomen i kjemi
  • har kunnskap om utrekning av stoffmengd og masse
  • har kunnskap om mekanikk og elektrisitet med spesielt fokus på bevaring, overføring og kvalitet av energi og kan illustrere dette ved hjelp av forsøk
  • har kunnskap om bølger, lyd og lys og kjenner til aktuelle forsøk og aktivitetar som eignar seg for praktisk og variert undervisning av dei yngste elevane
  • har kunnskap om korleis modellar for solsystemet kan introduserast for elevar på barnesteget og gjere greie for korleis desse kan brukast til å forstå ulike fjerne og nære fenomen
  • har kunnskap om bruk av ulike måleinstrument, måleeiningar og representasjonsformer i naturfag
  • har kunnskap om ulike modellar som kan brukast til å forklare ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis vanlege norske mineral og bergartar har vorte til for elevar på barnesteget
  • har grunnleggande kunnskap om ulike dialogiske og utforskande arbeidsmåtar og kan nytte denne kunnskapen til å aktivere elevane sine forkunnskapar og avdekke kvardagsforestillingar
  • har kunnskap om grunnleggande teknologiske prinsipp knytt til fysikk og kjemi, og kjenner til formålet med teknologi som tema i skulen
  • har grunnleggande kunnskap om ulike dialogiske og utforskande arbeidsmåtar og kan nytte denne kunnskapen til å aktivere elevane sine forkunnskapar og avdekke kvardagsforestillingar
  • har kunnskap om korleis leggje til rette for utvikling av elevar sine digitale ferdigheiter i naturfag
  • har kunnskap om korleis gjennomføre begynnaropplæring i emner innan fysikk, geofag og kjemi

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke relevant utstyr til å gjennomføre aktivitetar og målingar, og vurdere nødvendige tryggingstiltak
  • kan koble mellom observasjonar og modellar
  • kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi til enkel problemløysing med og utan digitale verktøy
  • kan gjennomføre tverrfagleg undervisning med fokus på å designe og lage teknologiske produkt og knyte teknologi til tema innan fysikk og kjemi
  • kan leggje til rette for overgangen frå barnehage til skule og frå barnesteget til ungdomssteget

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan for barnesteget som utgangspunkt for naturfagundervisning
  • kan drøfte eiga rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
  • har grunnleggande kunnskap om naturvitskapens metodar og tenkemåte som grunnlag for kritisk tenking og utforskande arbeidsmetodar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein fordel å ha hatt naturfag (fysikk, kjemi og andre relevante fag) frå vidaregåande skule.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing og undervisningsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på barne- og mellomsteget.

Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det anbefalast å arbeide med lærestoffet gjennom kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennom semesteret skal studenten fortløpande ha obligatoriske læringsaktivitetar som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Desse skal innehalde:

  • Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske, Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.
  • Deltaking og journalføring frå praktiske øvingar
  • Munnleg framlegg av praksisarbeid
  • To didaktiske arbeid, kor minst eitt vil inkludere bruk av digitalt utstyr
  • Minst eitt arbeid vil knyttast til undervising ute

Eit av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Nærare omtale og retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane vil vere klare ved semesterstart. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig i to påfølgjande semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 6 timar.

Alle delar av eksamen (kjemi, fysikk og geofag) må vere bestått.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Tabellar og formler i fysikk og kjemi, kalkulator.

Meir om hjelpemiddel