Hopp til innhald

MGUKH131 Kunst og handverk 1, emne 1 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 1

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Kunst og handverk 1 emne 1 gir ei innføring i kunst, design og arkitektur. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og ulike slags medium knytt til gjeldande læreplan i grunnskulen. Emnet vektlegg arbeid med handverk, materiale, verktøy og teknikkar. Leik, ferdigheitstrening og utforsking står sentralt. Materiale, farger, former og digitale uttrykk tilarbeidast med metodar og verktøy.

Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Den førebur studenten på yrke med praktiske øvingar relatert til faget sine vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane i deira skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer eleven si faglege utvikling.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Studenten betalar materialpengar (sum framgår ved emnestart)

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om relevante materialer, teknikkar, verktøy og estetiske verkemiddel
  • har grunnleggjande kunnskap om forholda mellom natur, kulturelle uttrykksformar, verdisyn, kvalitet, og etikk
  • har grunnleggjande kunnskap om mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
  • har grunnleggjande kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosessar, oppleving, leik og kreativitet
  • har kunnskap om korleis faget sin eigenart kan integreras i begynneropplæringa
  • har kunnskap om gjeldande regler om opphavsrett, personvern og kjeldekritikk også ved bruk av bilde og andre visuelle ressursar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan i skapande prosessar bruke skisser som metode/ verktøy i arbeid med utprøvingar, idear, dokumentasjon og vurdering
  • kan formidle mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur på varierte måtar
  • kan bruke og vedlikehalde relevante verktøy, apparat og maskiner og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstadane (HMS-rutinar)
  • kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, ideutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk
  • kan bruke faget sin eigenart i forhold til dei fem grunnleggande ferdigheitene i planlegginga av undervisninga

Generell kompetanse

Studenten

  • forstår korleis skapande arbeid med materialer utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  • har innsikt i korleis val av material, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
  • kan utnytte elevmangfaldet som utgangspunkt for tilpassa opplæring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid
  • Praktisk arbeid i verkstadane, individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar
  • Munnleg framlegg i gruppe

Nærare retningslinjer blir publisert på læringsplattformen. Obligatoriske læringsaktiviteter må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Ei mappe som inneheld både skriftlege og praktiske arbeid. Det praktiske arbeidet skal stillast ut saman med dokumentasjon og refleksjon.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel