Hopp til innhald

MGUKH301 Kunst og handverk 2, emne 1 - Kunst- og designprosessar

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Vidareutvikling av kunnskap og ferdigheiter og gi vidare innsikt i faget sin visuelle og materielle kulturforankring. Studenten skal i løpet av studiet vidareutvikle eigne praktiske ferdigheiter og få erfaring med og kunnskap om ulike materiale sine ibuande kvalitetar og teknikkar, som gir læringsutbytte i tråd med læreplanen for 5.-10. trinn. Skapande arbeidsprosesser på verkstaden vert knytt til miljøbevisst bruk av material og verkty. Studiet vektlegg utvikling av evne til å oppfatte og forstå andre sin bodskap og sjølv kunne kommunisere i visuelle og fysiske ytringsformer. Forholdet mellom læreplan og profesjonspraksis vert problematisert. Fagdidaktisk refleksjon er ein integrert del av oppgåver, praktisk undervisning, rettleiing og vurdering. Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen).

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om ulike verksted- og materialbaserte veiledningsformer
  • har kunnskap om relevante verktøy, ulike material og teknikkar
  • har kunnskap om ulike kulturers formspråk og visuelle uttrykk
  • har kunnskap om ulike rammefaktorer og deres betydning for undervisning i verkstad

Ferdigheiter

Studenten

  • kan jobbe utforskende og skapende i ulike materialer
  • kan reflektere og begrunne valg i undervisnings- og verkstedspraksis gjennom de ulike nivåene i læreplanverket
  • kan formidle eget skapende arbeid knyttet til fagdidaktiske refleksjoner fra 5. - 10. trinn

Generell kompetanse

Studenten

  • kan rettleie, samt vurdere og gi framovermeldingar, stimulere og tilpasse opplæringa til elever sine skapande arbeid i tråd med globale og lokale utfordringar
  • kan reflektere over egen faglig utvikling i egne og andres arbeid, og i tilknytning til fagets praksis i skolen

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUKH101 og MGUKH201

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Praktisk arbeid, individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk læringsaktiviteter for ekskursjonar i samråd med faglærar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar
  • Muntlig presentasjon av eget skapende arbeid knyttet til fagdidaktiske refleksjon

De obligatoriske læringsaktivitetene må være gjennomført til fastsette fristar og være godkjende før ein kan avlegge eksamen

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Mappevurdering av praktiske arbeid som stilles ut saman med tilhøyrande dokumentasjon og skriftleg refleksjon.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Mappa består av: 3-4 praktiske arbeid med prosessdokumentasjon og fagdidaktisk refleksjon som skal presenterast i ei eksamensutstilling.

Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel