MGUKØ202 Kroppsøving 1, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, eleven og tilpassa opplæring
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskolen, og må sjåast i samanheng med emne 1.
Til emnet står vidare utvikling av undervisningskompetansen knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslige erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal studenten kunne tilpasse undervisninga ut frå ei vid forståing, kjenneteikna av eit mangfaldig og inkluderande fellesskap. Undervisninga i emnet skal også bidra med ei innføring i arbeid med å kunne vurdera elevane si læring og utvikling i kroppsøvingsfaget og kunne gje læringsfremjande tilbakemeldingar. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekst og utvikling
- har kunnskap om arbeid med en inkluderande undervisningspraksis
- har kunnskap om vurdering for- og av læring i kroppsøving
- har kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede for elevar på steg 5-10
- har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og identitet i samfunn, media og kultur
Ferdigheiter
Studenten
- kan leggje til rette for læringsarbeid som inkluderer og anerkjenner mangfald som ein ressurs
- kan gjennomføra skapande og utforskande undervising på ulike arena og i nærmiljøet, der bevegelseserfaring mestring og refleksjon står sentralt
- kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, undervising og læringsfremjande tilbakemeldingar.
- kan på fagets premissar inkludere dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
- kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskaper innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving ut frå ei vid forståing av tilpassa opplæring
- kan bidra til å sjå kroppsøving i tverrfaglege perspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og profesjonsretta arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil være førelesingar, praktiske øktar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleiker.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Delta på turar/ekskursjonar.
- Akademisk lesing: Førebu og delta med presentasjon på fagseminar.
- Profesjonsfagleg digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling etter praksis.
Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane.
Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Del 1: Oppgåve i form av ein akademisk tekst (omfang: 1500 ord +/-10%). Tel 50 % av endeleg karakter.
Del 2: Oppgåve i form av film og refleksjonsnotat (omfang: 1500 ord +/-10%. Filmen leggjast som vedlegg til teksten). Tel 50 % av endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delar må væra bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det leverast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Del 1 - Akademisk tekst: Alle hjelpemiddel er tillatt.
Del 2 - Film og refleksjonsnotat: Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel