MGUKØ502 Kroppsøving 3, emne 2 - Danning og læring i kroppsøving
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet er samansett av eit utval tema og problemstillingar som er sentrale for å forstå og utvikla kroppsøving som fag.
Emnet har som hovudmål å gje studentane inngåande kunnskapar om undervising, inkludering og læring i kroppsøving og korleis forsking og utviklingsarbeid bidreg til denne kunnskapen og til teoriutvikling. Kritisk refleksjon kring kroppsøvingsdidaktisk teori med utgangspunkt i internasjonal forskingslitteratur så vel som studentane sine eigne praksiserfaringar, utgjer ein del av arbeidet i emnet.
Emnet tar opp ulike tradisjonar og perspektiv i høve danning og læring i kroppsøvingsfaget. Emnet har også ein brei inngang til samfunnsperspektiva i faget og dei historiske tradisjonane faget er knytt opp til. Emnet skal også gjere studentane meir medvetne sin identitet som profesjonsutøvar.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om nasjonal og internasjonal forsking i kroppsøving
- har inngåande kunnskap om kroppsøving som resultat av samfunnsmessige, politiske og historiske prosesser
- har inngåande kunnskap om danning, læring og undervising i kroppsøving
- har inngående kunnskap om elevmangfald i kroppsøving og inkludering i kroppsøving.
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdera planlegging og gjennomføring av undervisning i kroppsøving med tanke på eleven si læring, faglege progresjon og danning.
- kan bruke forskingsbasert kunnskap om kroppsøving til å reflektera over profesjonsidentitet og profesjonsfellesskap
- kan på ulike måtar bruke ulike vurderingsmåtar for å fremja elevar si læring og danning: av læring, som læring og for læring.
- kan vurdera digitale ressursar og sosiale mediar kritisk i forhold til elevane si kroppslege læring
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysera kroppsøving som eit skolefag og i eit breit samfunnsperspektiv
- kan formidla og kommunisera faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga
- kan bidra til profesjonsutvikling og forståing av kroppsøving som eit almenndannande fag
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gjennomført GLU syklus 1 med 60 studiepoeng Kroppsøving gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Individuell fagtekst eller essay knytt til lærarrolle, profesjonalitet og kroppsøving.
- Presentasjon og kritisk vurdering av engelskspråklig forskningsartikkel.
Obligatoriske læringsaktivitetar vurderast til godkjent/ikkje godkjent.
Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Læringsaktivitetane må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Studentaktive læringsformer krev tilstedeværelse i undervisninga.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 8 dagar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel