MGUKØ503 Kroppsøving 3, emne 3 - Teori og forsking i kroppsøving og profesjonsutvikling
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet inneber fordjuping innan utvalde tema og problemstillingar relevante for å utvikla studenten som sjølvstendig profesjonsutøvar og bidragsytar til kroppsøvingsfagleg forsking og utvikling.
Emnet kan settast saman på ulike måtar ut frå tema og problemstillingar som er sentrale for å forstå og utvikla lærarprofesjonalitet og kroppsøving som fag. Sentralt er å setja studentane sjølve istand til å utvikla kunnskapar om lærarpraksis, undervising, inkludering og læring i kroppsøving og korleis teori, forsking og utviklingsarbeid bidreg til denne kunnskapen.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngående forståing om sjølvvalde tema og problemstillingar i kroppsøvingsfaget
- har innsikt i utviklinga av si rolle som profesjonell yrkesutøvar
- har inngåande kunnskap om lærarprofesjon i forhold til sjølvvald tema og problemstilling
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysera kroppsøvingsfaglege problemstillingar basert på kunnskap om kroppsøvingsfaget sin eigenart, verdigrunnlag, historie og gjeldande læreplanar
- kan planleggja, gjennomføra og vurdera utforskande undervising i kroppsøving med tanke på fagleg og pedagogisk utvikling
- kan bruka ulike teoretiske perspektiv i analyse av kroppsøving, lærarpraksis og utvikling av profesjonsidentitet og profesjonsfellesskap
- kan anvenda nasjonal og internasjonal forskning med tanke på fagleg utvikling knytt til eige prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra til profesjonsutvikling og til utvikling av fagleg fellesskap på den enkelte skule
- kan bidra til forsking og utviklingsarbeid som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i kroppsøving
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kroppsøving 60 studiepoeng i syklus 1 gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Læringsmappe.
Læringsmappe er ei samling tekstar og/eller andre arbeid som studenten har produsert gjennom emnet. Samlinga dokumenterer prosess og/eller produkt, og skal vise studenten sine sjølvstendige faglege refleksjonar og utvikling i kompetanse.
Læringsmappa skal bestå av fire element:
- Pedagogisk credo med refleksjonar knytt til lærarprofesjonalitet
- Eit utviklingsarbeid knytt til undervising i kroppsøving
- Fagleg samtale på omlag 30 minutt om sjølvvald tematikk (podcast/video/intervju)
- Prosjektskisse for masterprosjekt
Studentar som ikkje har levert tekstar og/eller anna arbeid innan fastsette fristar, får ikkje levere vurderingsmappe, og alle elementa i læringsmappa må vere vurderte til godkjent for at studenten skal få levere vurderingsmappa.
Vurderingsform
Mappevurdering.
Vurderingsmappa skal bestå av:
- Pedagogisk credo, utviklingsarbeid eller fagleg samtale. Studenten vel sjølv kva for ei av dei tre arbeida som skal inngå i vurderingsmappa
- Prosjektskisse for masterprosjekt
- Ein refleksjonstekst på 700 ord (+/- 10 %), der studenten grunngjer val av tekst/eller anna arbeid til vurderingsmappa. Refleksjonsteksten inngår i vurderingsmappa saman med dei valde tekstane.
Arbeida kan vere revidert etter tilbakemelding gjeve ved levering i læringsmappa.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel