Hopp til innhald

MGUNO101 Norsk på mellomsteget 1: Språk- og tekstkunnskap

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Norsk på mellomsteget 1: språk- og tekstkunnskap er fyrste del av Norsk 1 for GLU 5-10. I lag med emnet Norsk på mellomsteget 2: litteratur- og tekstkunnskap kvalifiserer dette til norskundervisning på mellomsteget. Sentralt står språklege delemne, med fokus på elementær språkkunnskap, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikla eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande kunnskapar om språket som system og språket i bruk
  • har gode kunnskapar om munnleg kommunikasjon, og samtalen som didaktisk reiskap
  • har gode kunnskapar om skriving og skrivestrategiar, og korleis elevar på mellomsteget kan vidareutvikla skriveferdigheitene sine
  • har kunnskapar om relevante språkteoretiske og språkdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har kunnskapar om det å læra norsk som andrespråk
  • har kunnskapar om den gjeldande planen for norskfaget i skulen.

Ferdigheter

Studenten

  • kan planleggja, gjennomføra og vurdera norskundervisning for elevar på mellomsteget og grunngje faglege val
  • kan analysera språk og språkbruk, gjera greie for faglege val som skal fremja munnleg og skriftleg språkutvikling og vurdera elevar sin språkbruk
  • kan planleggja, gjennomføra og evaluera elev- og klassesamtalar
  • kan leggja til rette for at elevar på mellomsteget får lesa og skriva sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
  • kan vurdera og ta i bruk nye metodar, ny teknologi og ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre, i arbeidet med den vidare skriveopplæringa
  • kan tilpassa undervisninga til elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • meistrar nynorsk og bokmål og kan undervisa elevar i begge målformer.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan leggja til rette for at elevane på mellomsteget vidareutviklar ferdigheiter knytt til språk, munnleg kommunikasjon og skriving, og at dei kan nytta desse ferdigheitene til aktiv deltaking i klasserommet og på andre sosiale arenaar
  • kan planleggja, gjennomføra og reflektera over norskundervisning i sentrale emne og gjera greie for elev- og stegtilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdera eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
  • kan arbeida med språk og tekst i fleirspråklege og fleirkulturelle klassemiljø
  • kan skriva akademisk på begynnarnivå.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, meiningsfellar/dialogpartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det må derfor leggjast opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i klasserommet eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane har fire obligatoriske læringsaktivitetar i emnet, der minst eitt skal vera munnleg og minst eitt skal vera skriftleg, og der eitt kan vera knytt til praksis. Studentane må syna skriftleg kompetanse i begge målformene, difor må minst ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane gjennomførast på motsett målform av sluttvurderinga. Ein obligatorisk læringsaktivitet skal vera ein skriftleg tekst knytt til FOU-temaet akademisk skriving. Det vil vere krav om frammøte knytt til nokre av læringsaktivitetane.

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjende for at studenten skal kunna ta eksamen i emnet. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, vil det bli høve til å levere på nytt éin gong same semester innan ein tidsfrist sett av faglærar.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 6 timar.

Målform: Nynorsk. Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend ordbok eller ordliste.

Meir om hjelpemiddel