Hopp til innhald

MGUPE201 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 2 - Læraren og eleven i mangfaldige læringsmiljø

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.

Gjennom dette emnet skal studenten skaffe seg vidare kunnskapar om elevane på trinn 5-10 og deira læring og utvikling i eit mangfaldig og komplekst læringsmiljø. Merksemda skal rettast mot korleis ein kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø for alle i ein skule prega av mangfald (sosialt, religiøst og kulturelt m.m.) Studenten skal utvikle eit reflektert og kritisk perspektiv på skulen si verksemd og eiga rolle som profesjonsutøvar. Emnet er det andre av fire emne i faget pedagogikk og elevkunnskap.

Tema:

  • Inkluderande fellesskap i ein mangfaldig skule
  • Tilpassa opplæring og spesialundervisning
  • Den norske skule sitt verdigrunnlag
  • Skulen sine samarbeidspartnarar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha fylgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om

  • sentrale prinsipp som fremjar inkluderande og tilpassa opplæring
  • barn og unge si identitetsutviling i pedagogisk samanheng
  • menneskerettar og barn sine rettar i opplæringa
  • den norske skulen og samfunnet i lys av kristen og humanistisk tradisjon, sekularisering, religiøst og kulturelt mangfald
  • sentrale religionar og livssyn og deira betydning for elevar
  • ulike lærevanskar og tilpassings- og åtferdsutfordringar hjå elevar på 5.-10. trinn og korleis desse kjem til syne i opplæringa
  • elevar i utsette livssituasjonar
  • skulen sine samarbeidspartnarar
  • vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap med relevans for FOU-oppgåva

Ferdigheiter

Studenten kan

  • grunngje opplæringa ut frå menneskerettar og barn sine rettar
  • drøfte og reflektere over korleis læraren kan ivareta livssynsmangfald i samarbeid med elevar og foreldre
  • drøfte og reflektere over korleis læraren kan leggje til rette læringsprosessar som tek vare på mangfaldet i elevgruppa
  • forklare forholdet mellom tilpassa opplæring og spesialundervisning

Generell kompetanse

Studenten kan

  • identifisere og drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og muligheiter i ein skule prega av mangfald
  • på eit fagleg grunnlag reflektere over det å vere i dialog med eleven og deira føresette om elevene si læring og utvikling, og andre relevante samarbeidspartnarar
  • kritisk drøfte skulen og læraren si rolle og funksjon i samfunnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUPE101

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene skal bidra til å skape sammenheng mellom ulike kunnskapsformer som inngår i teori- og praksisdelene av utdanninga.

Gjennom arbeidet i emnet vil det vere ulike øvingar, både munnlege og skriftlege, organisert individuelt eller i grupper.

Det blir lagt vekt på å fremme refleksjon over pedagogisk teori og praksis gjennom varierte og studentaktive arbeidsformer.

Det er ein føresetnad at studentane arbeider med litteraturen og lærestoffet i emnet på eiga hand.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk læringsaktivitet er knytt til temaområda i emnet og er fagleg forankra i emnet sitt læringsutbytte. Læringsaktiviteten har krav om aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen.

  1. Utarbeiding og innlevering av ein skriftleg, individuell fagtekst. Læringsaktiviteten inneber utgreiing av sentrale teoretiske perspektiv, omgrep og problemstillingar som grunnlag for drøfting av læraren sitt arbeid med elevmangfoldet i grunnskulen.
  2. Deltaking i munnleg læringsaktivitet, organisert som eit forskingsseminar. Studentane drøfter og presenterer vitskaplege tekstar i grupper. Seminaret involverer søk av forskningslitteratur, analyse og tolking.
  3. Refleksjon i klassen, basert på ei oppgåva i praksisperioden, der praksiserfaringer blir delt og sett i lys av relevant teori i emnet. Oppgåva involverer systematisk kartlegging og/eller observasjon.
  4. Casebaserte læringsaktivitetar i grupper. Læringsaktiviteten involverer analyse, tolkning og drøfting av case, i lys av relevant teori i emnet. Deltaking i minst ein casebasert læringsaktivitet gjennom semesteret.
  5. Læringsaktivitet der studentane individuelt eller i gruppe vel ut tema og litteratur til fordjuping, som grunnlag for fremlegg for medstudentar og refleksjon i klassefellesskapet. Deltaking i minst ein casebasert læringsaktivitet gjennom semesteret.

Minstekrav for eksamensrett er gjennomføring av læringsaktivitet 1, 2, 3, 4 og 5 (sjå spesifisering under punkt 4 og 5). Det blir informert om frist for kvar læringsaktivitet ved oppstart av semesteret. Det blir høve til å gjennomføre kvar obligatorisk læringsaktivitet ein gong til innanfor det same semesteret dersom studenten ikkje fekk godkjent første gong.

Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i seks semester etter godkjenninga. Læringsaktivitetane må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Mappevurdering.

Vurderingsmappa skal innehalde ei samling tekstar basert på to obligatoriske læringsaktivitetar som faglærar har valt ut, og ein obliogatorisk læringsaktivitet som studenten har valt ut sjølv. Til kvar av dei tre læringsaktivitetane skal studenten reflektere over innhald relatert til læringsutbyte i emnet.

Vurderingsmappa får ein samla karakter. Alle dei tre elementa i mappa må vere bestått for at studenten skal få bestått vurderingsmappa. Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det innleverast ei omarbeidd vurderingsmappe til ny eksamen i påfylgjande semester.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel