MGUPE301 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 3 - Den profesjonelle lærar
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.
Pedagogikk og elevkunnskap har eit overordna ansvar for at studentane utviklar ein læraridentitet som kviler på sentrale profesjonsetiske prinsipp. I emnet "den profesjonelle lærar" er hovedfokuset på studentane si utvikling av lærarprofesjonalitet. Studentane skal vidareutvikle sin didaktiske kompetanse på ulike nivå, med hovudfokus på organisasjons- og institusjonsnivået. Med kunnskap frå skulehistorie og kjennskap til samfunnsmandatet, skal studentane få kunnskapar og ferdigheiter til å utvikle framtidas skule. I eit samfunn som stadig er i endring, krev dette at studentane får ein utviklings- og endringskompetanse, og utviklar evne til nytenkning og innovasjon. Dette er det tredje av fire emne i PEL.
Tema:
- Profesjonell utvikling
- Skulen som lærande organisasjon
- Læreplan og kritisk analyse av skulen sitt mandat og oppgåve
- Skulehistorie
- Skulen i lokalsamfunnet
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskapar om skulehistorie
- har inngåande kunnskapar om profesjonsfellesskapet sin betydning for elevane sine læringsprosessar
- har inngåande kunnskapar om skulen som lærande organisasjon og skuleutvikling
- har kunnskapar om samhandling mellom skule og lokalsamfunn
- har kunnskapar om forskingsbaserte utviklings- og endringsprosessar i skulen og vurdering av desse.
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke forskingsbasert kunnskap til å analysere og setje i verk tiltak for å fremje eit godt læringsmiljø
- kan leggje til rette for samhandling i klassar og grupper på 5-10.trinn og i ettertid kritisk analysere aktiviteten
- kan kritisk analysere læreplanar og styringsdokument
Generell kompetanse
Studenten
- kan kritisk analysere og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk
- kan bruke forskingsbasert kunnskap til å styrke skolens utvikling
- kan forstå nasjonal utdanningspolitikk også i en global kontekst
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGUPE201
Undervisnings- og læringsformer
Det vil bli brukt varierte arbeidsformer i undervisninga, som seminar, forelesingar, øvingar, både individuelt og i grupper, praksisforteljingar og andre munnlege og skriftlege oppgåver. Det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt i undervisninga og at dei arbeider med lærestoffet på eiga hand. Refleksjon over teori og praksis er sentralt i utviklinga av ein profesjonell yrkeskompetanse.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Det er obligatorisk oppmøte i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Fraværsgrense er 20%
- 1 skriftleg obligatorisk læringsaktivitet, individuelt
- 1 munnleg/praktisk obligatorisk læringsaktivitet, i gruppe
Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til Profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) i skoleutvikling og leiing.
Vurdering av obligatorisk læringsaktivitet er satt til godkjent/ikkje godkjent.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 3 dagar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler er tillate.
Meir om hjelpemiddel