MGUPE401 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 4 - Den forskande, nyskapande og etisk medvitne lærar
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gi studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.
I dette emnet skal studenten utvikle eit analytisk og kritisk perspektiv på arbeidet i skulen og sin eigen praksis som framtidig lærar. Dette skal forankrast i pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid og i etiske grunnlagsproblem.
Emnet inngår som det siste av fire emne i faget Pedagogikk og elevkunnskap i grunnskulelærarutdanninga 5-10. Emnet går parallelt med masteroppgåva i 5. studieår.
- Danning, oppseding og utdanning i eit kritisk perspektiv
- Skole- og utdanningspolitiske diskursar
- Pedagogiske grunnsyn og perspektiv på læring
- Pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid i teori og praksis
- Etisk teori og profesjonsetikk
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert kunnskap om elevens danning i eit pluralistisk samfunn
- har avansert kunnskap om elevens læring og motivasjon
- har avanserte kunnskapar om konsekvensar av ulike pedagogiske grunnsyn
- har avanserte kunnskapar om problemstillingar i pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid i teori og praksis
- har avanserte kunnskapar om etiske modellar, normer og prinsipp som gjeld når ein skal utøva lærarprofesjonen
Ferdigheiter
Studenten
- kan kritisk vurdere skulen sin rolle og funksjon i samfunnet
- kan kritisk analysere skulens verdigrunnlag
- kan kritisk drøfte utfordringar i realiseringa av gjeldande læreplan og andre styringsdokument
- kan identifisere og drøfte profesjonsetiske spørsmål med grunnlag i etisk teori
- kan med utgangspunkt i forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap grunngje eigne pedagogiske og etiske val
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og moglegheiter i ein utviklingsorientert skule
- kan bruke relevant forsking som grunnlag for utvikling og endring av pedagogisk praksis og som grunnlag for ei masteroppgåve
- kan med utgangspunkt i forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap i pedagogikk, gjennomføre og formidle eige forskingsarbeid i tråd med vitskaplege prinsipp og forskingsetiske standarder (jf. masteroppgåva)
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGUPE101, MGUPE201, MGUPE301
Undervisnings- og læringsformer
Det vil bli brukt varierte undervisnings- og arbeidsmåtar, med vekt på studentaktivitet og casestudium. Litteraturseminar og verkstader knytt til sentrale tema i emnet med bruk av norsk og internasjonal forskingslitteratur. Det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt i undervisninga, og at dei arbeider med lærestoffet på eiga hand. Refleksjon og kritisk drøfting av teori og praksis er sentralt i emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Ein individuell, akademisk tekst knytt til masteroppgåva. Arbeidet med denne læringsaktiviteten er knytt til ein eller fleire av følgande læringsutbytte i emnet: «har avanserte kunnskapar om konsekvensar av ulike pedagogiske grunnsyn», «kan bruke relevant forsking som grunnlag for utvikling og endring av pedagogisk praksis og som grunnlag for ei masteroppgåve» og «kan med utgangspunkt i forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap i pedagogikk, gjennomføre og formidle eige forskingsarbeid i tråd med vitskaplege prinsipp og forskingsetiske standarder (jf. masteroppgåva)».
- Ei munnleg gruppeoppgåve, knytt til ein profesjonsetisk case. Arbeidet med denne læringsaktiviteten er knytt til ein eller fleire av følgande læringsutbytte i emnet: «har avansert kunnskap om elevens danning i eit pluralistisk samfunn», «har avanserte kunnskapar om etiske modellar, normer og prinsipp som gjeld når ein skal utøva lærarprofesjonen» «kan identifisere og drøfte profesjonsetiske spørsmål med grunnlag i etisk teori», og "kan med utgangspunkt i forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap grunngje eigne pedagogiske og etiske val».
- To seminarar med studentframlegg. Denne studentaktive læringsaktiviteten er knytt til ein eller fleire av følgande læringsutbytte i emnet: «har avanserte kunnskapar om problemstillingar i pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid i teori og praksis», «har avansert kunnskap om elevens danning i eit pluralistisk samfunn», «har avanserte kunnskapar om konsekvensar av ulike pedagogiske grunnsyn» og «kan drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og moglegheiter i ein utviklingsorientert skule».
- Workshop/verkstad knytt til sentrale tema i emnet, med bruk av norsk og internasjonal forskingslitteratur. Læringsaktiviteten er knytt til ein eller fleire av følgande læringsutbytte i emnet: «har avansert kunnskap om problemstillingar i pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid i teori og praksis», «har avansert kunnskap om læring og motivasjon», «har avanserte kunskapar om konsekvensar av ulike pedagogiske grunnsyn» og «kan kritisk vurdere skulen sin rolle og funksjon i samfunnet»
Den skriftlege oppgåva og den munnlege gruppeoppgåva må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Dersom studenten får ikkje godkjend på desse, får hen eitt nytt forsøk. Vidare er det krav om aktiv deltaking på minimum to av tre seminarar/workshop for å kunne gå opp til eksamen.
Oppgåveformulering og retningslinjer for dei ulike læringsaktivitetane vil bli gitt ved semesterstart. Læringsaktivitetene må vere fullførte til fastsatte frister og godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Semesteroppgåve, 3000 ord (+/-10%).
Tema/problemstilling analysert og drøfta i lys av teori og forskingslitteratur. Spesifiserte retningslinjer vil føreligge ved studiestart.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel