Hopp til innhald

MGUSA502 Samfunnsfag 3, emne 2 - Samfunn, utdanning og læring

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet fokuserer på fagdidaktiske problemstillingar knytt til formidling av samfunnsfag i ulike læringskontekstar. Det blir lagt særleg vekt på korleis slik formidling er prega av kulturelle og politiske kontekstar.

Emnet tar utgangspunkt i samfunnsfagdidaktikken og handlar om kva som er siktemål og hensikt med samfunnsfag, grunngjevingar for faget, kva det skal innehalde, og mogelege fagdidaktiske arbeidsmåtar. Det blir lagt vekt på å øve opp studentane si evne til kritisk vurdering av samfunnsfaglege framstillingar. Sentralt står ei kritisk drøfting av bruken av historie, både i og utanfor undervisningsinstitusjonane. Emnet fokuserer også på ulike perspektiv av berekraft på ulike nivå og i ulike kontekstar, og korleis til dømes globaliseringsprosessar stiller utdanningssystemet ovanfor nye utfordringar, også når det gjeld praktisk fagdidaktisk arbeid.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har

  • inngåande kunnskapar om samfunnsfaglege læringsperspektiv, arbeidsmåtar og formidlingstradisjonar
  • inngåande kunnskapar om sentrale didaktiske problemstillingar og teoriar
  • inngåande kunnskapar om relasjonen mellom berekraft, globalisering og utdanning
  • inngåande kunnskapar om utviklingsteori og skiftande samanhengar mellom utvikling og utdanning
  • inngåande kunnskapar om omgrepa historiemedvit og minnepolitikk
  • inngåande kunnskapar om eit utval konkrete situasjonar/konfliktar nasjonalt og internasjonalt der minnepolitikk står sentralt

Ferdigheiter

Studenten kan

  • analysere og kritisk vurdere samfunnsfaglege framstillingar og praksisar
  • nytte samfunnsfaglege metodar og kjelder i undervisning og formidling
  • nytte eit utval av digitale fagdidaktiske verktøy
  • drøfte ulike utviklingsteoretiske perspektiv på utdanning og kritisk analysere globaliseringas konsekvensar for utdanning
  • reflektere kritisk kring bruken av historiske hendingar og historiske forteljingar i politisk retorikk

Generell kompetanse

Studenten kan

  • problematisere samanhengar mellom kunnskapar, teoriar og praksisar innan feltet samfunnsfagdidaktikk
  • kritisk vurdere korleis globale prosessar påverkar utdanning og utdanningas rolle i eit samfunn
  • reflektere kring måtar historie brukast på i politikk, undervisning, og den ålmenne samfunnsdebatten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUSA101, MGUSA 131, MGUSA201, MGUSA 202, MGUSA 231, MGUSA301, MGUSA 302, MGUSA401, MGUSA 402,

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, arbeid med eigne tekstar, praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

- Ei individuell, skriftleg oppgåve på inntil 2500 ord.

- Eit gruppearbeid av didaktisk karakter.

Utfyllande retningsliner for dei obligatoriske læringsaktivitetane vil bli delt ut ved semesterstart. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjente for at studentane skal kunne ta eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutt.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel